Per Daniel Holm
| Per Daniel Holm | |
| Statsborgarskap | Sverige |
| Fødd | 11. september 1835 Malingsbo församling |
| Død |
7. august 1903 (67 år) |
| Yrke | kunstmålar |
| Sjanger | landskapsmåleri |
| Medlem av | Det kongelege svenske kunstakademiet |
| Per Daniel Holm på Commons | |
Per Daniel Holm[1] (fødd 11. september 1835 i Malingsbo, daud 7. august 1903 i Stockholm) var ein svensk målar kjend for landskapsmåleria sine.

Liv
[endre | endre wikiteksten]Holm var son av Alexander Holm, som var kyrkoherde i Järnboås församling, og Christina Elisabeth Askergren.
Han var elev ved Teknologiska institutet til 1855, og var maskinteikna ved Köping-Hults jernbane i 1856. Kort tid seinare blei han teikna ved Vetenskapsakademien sitt zoologiske museum. 1858–63 var han elev ved Konstakademien, der han studerte landskapsmåleri hjå Nils Andersson. Han drog også på studiereiser i Nord-Sverige og Noreg. I 1862 vann han ein kongeleg medalje for eit landskapsbilde frå Lappland. 1864–67 studerte han i Düsseldorf, München, Karlsruhe og Paris. I 1871 blei Holm medlem av Konstakademien. Han bei utnemnd til viseprofessor i 1873 og professor i 1881. Same året blei han konservator ved Nationalmuseum i Stockholm. I 1900 gjekk han av som professor.
Verk
[endre | endre wikiteksten]
Holm er kjend for skisser og måleri av natur frå Bergslagen, Norrland og Lappland. Av oljemåleria hans eig den svenske staten Landskap från Kvickjock (1869, deponert i Uppsala universitetshus), Utsikt i Nora bergslag (1869, deponert i riksdagshuset) og Svenskt skogslandskap (1870, Nationalmuseum[2]). Han er representert i Stadsmuseet i Stockholm.
Holm laga også teikningar til fergetrykka i C.A. Pettersson sitt verk Lappland (1864-1966).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jonas Gavel: Per Daniel Holm i Svenskt biografiskt lexikon (1971-1973)
- ↑ Nationalmuseum
- Denne artikkelen bygger på «Per Daniel Holm» frå Wikipedia på svensk, den 5. oktober 2019.