Per Ekström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Ekström
Konstnär Per Ekström.jpg
Fødd 23. februar 1844
Q10665094
Død

21. januar 1935
Mörbylånga

Sjanger landskapsmåleri
Yrke kunstmålar

Per Ekström (23. februar 184421. januar 1935) var ein svensk landskapsmålar frå Segerstad på Öland. Han var ein av dei fyrste svenske friluftsmålarane, sterkt påverka av Barbizon-skulen, framfor alt av Camille Corot. Måten han måla sol og luft på gav han tilnamnet Solmålaren.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Öländskt landskap i soldis, 1901
Ölandsgård

Ekström studerte ved kunstakademiet i Stockholm frå 1865 til -72, der han helst orienterte seg mot fransk målarkunst. Våren 1876 reiste han derfor til Paris, på si fyrste studiereise utanlands. Ekström vart buande i Frankrike til 1890, dels i og omkring Paris. Han beundra meistrane innanfor den såkalla Barbizonskulen, framfor alle Camille Corot og Théodore Rousseau. Det oppløyste, valørfine måleriet med sølvaktig dis i mange av Corot sine bilete, inspirerte Ekström til eit nytt syn på naturen.

I måleria frå dei åra han budde i Frankrike skildrar Ekström med lyrisk kjensle stemninga i landskapet, lysspelet i lauvmassane, fargeskimmeret over engene og vatnet. Motivmessig skilde han seg frå sine samtidige svenske kunstnarlollegaer i Frankrike, som måla milde åkerlandskap og bylivet i Grez-sur-Loing i utkanten av Fontainebleau-skogen. Sjølv søkte han mot overfløymde myrar, aude kyststrekningar og einslege skogholt. Stundom vert stemninga i bileta heva til romantisk styrke, så som i Kustlandskap i månsken frå 1877. Han debuterte på Salongen i Paris 1878 med Fransk Landskap.

Gjennom 1880-talet heldt Ekström for det meste fram i same lyriske stilen. Ved Exposition Universelle i 1889 stilte han ut fleire verk frå seint 1880-tal. Översvämning frå 1889 er eit framifrå prov på hans grundige studiar av lys, samt hans varme naturkjensle. Den yttarst fine lyssettinga særmerker han mellom dei svenske friluftsmålarane.

Etter han i 1890 busette seg i heimlandet, budde Ekström dels på Öland og dels i Stockholm. Vintermånadene 1891 laga han eit av sine meisterverk, motsolsbiletet Sol och snö. Den strengt formale ordenen og det subtilt tolkande lysspelet i måleriet får ein til å tenke på Georges Seurat sin kunst. I 1891 hadde han elles si fyrste separatutstilling i Stockholm, og fekk mykje åtgaum. Oppmuntra av kunstsamlaren Pontus Fürstenberg busette han seg i 1891 i Göteborg.

Ei viss tilpassing etter den då aktuelle stemnings-impresjonismen, med sine dunkle skumringstonar, kan etterkvart merkast i arbeida hans frå midten av 1890-åra av. Motivkrinsen hans strekte seg i dei åra frå den svenske vestkysten og Öland til Stockholms ström og fjelltraktene i Jämtland.

År 1910 flytta Ekström tilbake til Öland, der han vert rekna som den fyrste og kanskje største målaren av landskapet på øya. Motiva var farga av Ölands opne alvar og karrige kyst. Han var og vart verande solnedgangs-stemningane sin merkelege, på ein gong realistiske og mystiske poet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Per Ekström