Per Hestetun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Hestetun
Fødd11. august 1877
Årdal kommune
Død11. september 1928 (51 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Per Klingenberg Hestetun (11. august 18771. september 1928) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Årdal som representerte Sogn og Fjordane fylke og partiet VenstreStortinget i tida mellom 1922 og 1928.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Hestetun var son til ein gardbrukar i Øvre Årdal i Sogn. Han gjekk kurs på Sogndal Folkehøgskule både 1892/93 og 1896/97. Allereie i 1901 tok han over farsgarden på Hestetun og dreiv denne til han døydde.

Han var ordførar i Årdal herad frå 1908 til 1919. I 1907 tok han initiativet så at Årdal Sparebank vart etablert. Mellom 1912 og 1926 var han styremedlem i sparebanken.

Ved stortingsvalet hausten 1921 vart Hestetun vald til stortingsmann for Venstre i Sogn Fjordane. Han vart sidan attvald både i 1924 og 1927. På Stortinget var han alle sesjonane medlem i Post- og telegrafkomiteen, frå 1925 som nestformann i komiteen til han døydde.

Hestetun omkom i ei fallulukke heime på garden sin, i september 1928. Dermed rykte Jakob A. Lothe inn til fast tingsete for 1929- og 1930-sesjonane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]