Periferieininga Khaniá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Khaniá
Περιφερειακή ενότητα Χανίων
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Kreta
Hovudstad Khaniá
Folketal 156 585 (2011[1]) Rangering 19.
Areal 2 376 km² Rangering 27.
Folketettleik 66/km²
Kommunar 7
Postnummer 73x xx, 740 55
Retningsnummer 282x0, 28310
Bilnummer XN
Heimeside www.nax.gr

Periferieininga Khaniá (gresk Περιφερειακή ενότητα Χανίων, Periferiakí enótita Khaníon) er ei periferieining på øya Kreta i Hellas. Ho er ei av fire periferieiningar i periferien Kreta.[2] Hovudstaden i periferieininga er Khaniá.

Khaniá dekkjer den vestlegaste delen av øya, og grensar mot Réthymno i aust. I nord grensar ho til Egearhavet og i vest og i sør til Middelhavet. I innlandet ligg fjellmassivet Levká Óri. Periferieininga omfattar òg den sørlegaste øya i Europa, Gávdos.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Periferieininga Khaniá vert ofte berre kalla Vest-Kreta.

Naturparken Samariáravinen er ein stor turistattraksjon i dei sørlege områda. Dei kvite fjella eller Levká Óri er dekte av snø fram til mai og dekkjer store delar av Khaniá. Dei inneheld meir enn 40 toppar på over 2 000 meter. Den høgaste av desse er Pákhnes på 2 452 moh.

Den einaste ferskvassinnsjøen på Kreta, Kournássjøen, ligg i periferieininga, nær grensa til periferieininga Réthymno. Han har ein omkrins på 3,5 km.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Khaniá eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i sju kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Khaniá Kíssamos Kíssamos 734 00 28220-2
Inakhóri 730 13 28220-6
Mýthimna 730 04 28220-3
Plataniás Plataniás 730 04 28210-6
Voukoliés 730 02 28240-3
Kolymvári 730 06 28240-2
Mousoúri 730 05 28220-3
Khaniá Khaniá 731 00 28210-2 til 7
Akrotíri 731 00 28210-6
Elevthérios Venizélos 733 00 28210-9
Keramiá 731 00 28210
Néa Kydonía 731 00 28210-3
Soúda 732 00 282210-2
Thériso 731 28210-9
Apokóronas Arméni 730 08 28250-3
Así Goniá 740 55 28310-4
Vámos 730 08 28250-2
Jorjoúpoli 730 07 28250-9
Kryonerída 730 07 28250-5
Fres 730 06 28210-7
Sfakiá Sfakiá 730 11 28250-9
Kándanos-Sélino Kándanos 730 04 28220-3
Anatolikó Sélino 730 09 28230-5
Pelekános 730 01 28230-2
Gávdos Gávdos 730 01 28230-4


Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[1]
Khaniá Khaniá 53 910
Mourniés Khaniá 7 553
Soúda Khaniá 6 358
Kounoupidianá Khaniá 6 334
Nerokoúros Khaniá 5 531
Darátsos Khaniá 4 732
Kíssamos Kíssamos 4 236
Perivólia Khaniá 3 986
Galatás Khaniá 3 166
Vamvakópoulo Khaniá 2 300
Ajía Marína Khaniá 2 005
Pythári Khaniá 1 724
Paleokhóra Kándanos-Sélino 1 675
Tsikalariá Khaniá 1 545
Kalýves Apokóronas 1 429
Kolymvári Plataniás 1 088
Plataniás Plataniás 979

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Periferieininga Khaniá

Kjelde[endre | endre wikiteksten]