Hopp til innhald

Lasíthi

Periferieininga Lasíthi
Περιφερειακή ενότητα Λασιθίου
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
PeriferiKreta
HovudstadÁjos Nikólaos
Folketal77 819 (2021[1])
Areal1 823 km² Rangering 38.
Folketettleik43/km²
Kommunar4
Postnummer72x xx
Retningsnummer284x0
BilnummerAN
Heimesidewww.lassithi.gr

Periferieininga Lasíthi (gresk Περιφερειακή ενότητα Λασιθίου, Periferiakí enótita Lasithíou) er den austlegaste periferieininga på øya Kreta i Hellas, aust for Iráklio. Lasíthi er ei av fire periferieiningar i periferien Kreta.[2]

Hovudstaden er Ájos Nikólaos, og andre større byar er Ierápetra, Sitía og Neápoli. Av fjell finn ein Díkti i vest og Sitíafjella i aust. Egearhavet ligg i nord medan Libyahavet ligg i sør.

Aust for landsbyen Eloúnda ligg øya Spinalonga, som tidlegare var ein venetiansk festning og ein koloni for spedalske. Ved foten av Díkti ligg Lasíthiplatået, som er kjend for sine vindmøller.

På grunn av dei mange strendene og det milde klimaet kjem mange turistar til Lasithi. Masseturisme finne ein på stader som Vái, Ájos Nikólaos og øya Khrysí.

Prefekturet har mange funn frå antikken og førhistorisk tid. Vasilikí, Foúrnou Korfí, Pýrgos, Zákros og Gourniá er ruinar frå den minoiske sivilisasjonen, Lato og Itanos var doriske byar.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Lasíthi eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fire kommunar.[2]

PeriferieiningKommuneTidlegare
kommune
PostnummerRetningsnr
Lasíthi Ájos NikólaosÁjos Nikólaos721 0028410-2
Neápoli724 0028410-3
Vrakhási
SitíaSitía723 0028430-2
Ítanos723 0028430-6
Lévki720 5628430-9
Oropédio LasithíouOropédio Lasithíou720 5328440-2
IerápetraIerápetra722 0028420-2
Makrý Jalós720 5528430-2

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

TettstadKommuneFolketal 2011[3]Folketal 2021[1]
IerápetraIerápetra12 35513 609
Ájos NikólaosÁjos Nikólaos11 42112 149
SitíaSitía9 34810 565
NeápoliÁjos Nikólaos2 6832 773
SkhísmaÁjos Nikólaos1 7301 698
Gra LyjáIerápetra1 5281 451
KritsáÁjos Nikólaos1 2961 291
KendríIerápetra1 0211 051
PalékastroSitía9531 024
SísiÁjos Nikólaos1 0031 001

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

35°05′N 25°50′E / 35.083°N 25.833°E / 35.083; 25.833