Peter Brager
| Peter Brager | |||
| Fødd | 3. januar 1806 Nordre Land kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 26. mars 1869 (63 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar, prest | ||
| Alle verv |
| ||
Peter Munch Brager (3. januar 1806–26. mars 1869) var ein norsk prest og stortingsmann.
Brager var frå Nordre Land i Oppland, der far hans dreiv landhandel. Han tok artium ved Drammen skole i 1825, og studerte deretter teologi ved universitetet i Kristiania. Cand. theol. vart han 1829, same året pers. kapellan i Finnås. År 1830 fungerte han som prest i Finnås, året derpå i Stord. Brager vart utnemnd til sokneprest i Lenvik i 1832. Han verka der i fem år, til han i 1837 flytta over til Ibestad prestegjeld i same prostiet.
1845 vart Brager innvald til Stortinget som 1. representant for Finnmarkens amt. På tinget var han medlem av næringskomite nr. 1.
Etter femten år som sokneprest i Troms, fekk han i 1849 embete i Øyestad i Aust-Agder. Denne stillinga som sokneprest hadde han til han døydde. I Øyestad var han elles forlikskommissær.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914
- Biografisk informasjon om Peter Brager ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør