Nordre Land kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordre Land kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Adm.senter Dokka
Areal 955 km²
 - land 925 km²
 - vatn 30 km²
Folketal 6 751 (1. januar 2016)
Folketettleik 7 / km²
Målform Bokmål
Ordførar Ola Tore Dokken (Sp)
Kommunenummer 0538
NO 0538 Nordre Land.svg
Wikimedia Commons: Nordre Land

Nordre Land kommune ligg i Oppland fylke og grensar i nord til Nord-Aurdal og Gausdal, i nordaust mot Lillehammer, i aust mot Gjøvik, i sør mot Søndre Land, i sørvest mot Sør-Aurdal, og i vest mot Etnedal. Kommunen høyrer til landskapet Land.

Areal og befolkning[endre | endre wikiteksten]

Dokka er kommunesenter i Nordre Land
Åmot kyrkje (Torpa i Nordre Land)

Per 2007 var 41 % av innbyggjarane busett i tettbygde strøk. Dei fleste nordrelendingar bur i og rundt kommunesenteret Dokka med 2 897 innbyggjarar (2014). Elles er det spreidd busetnad i Vest-Torpa, Nord-Torpa og Aust-Torpa.

Nordre Land kommune svarar til området for Nordre Land prestegjeld, i Hamar bispedømme.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1837 låg Nordre Land i Land formannskapsdistrikt. I 1847 vart dette delt i Nordre og Søndre Land formannskapsdistrikt. Land hadde 9199 innbyggjarar da distriktet vart delt. 1. januar 1914 vart Nordre Land delt ved at Torpa vart skilt ut som eigen kommune.

1. januar 1962 vart kommunane Torpa og Nordre Land, i tillegg til krinsen Tranlia og eigedomen Store Røen frå gamle Fluberg kommune (tilsaman 196 innbyggjarar i Fluberg-områda) slegne saman til dagens Nordre Land kommune.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Innsjøane Randsfjorden, Dokkfløyvatnet og Akksjøen ligg i kommunen. Dokkaelva renn frå Dokkfløyvatnet i nord og ned gjennom Torpa og mot tettstaden Dokka, og vidare ut i Randsfjorden. Denne elva er regulert. Elva Etna renn frå nabokommunen Etnedal i vest, gjennom Nordsinni, før ho også renner ut i Randsfjorden. Denne elva er ikkje regulert.

Kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet vart vedtatt i 1986. Det viser to gule tømmerfløytarhaker på blå grunn. Reiskapen vart valt som symbol på kommunevåpenet sidan han speglar den lange historia med tømmerfløyting i Randsfjordsvassdraget. Grafikaren Dag Magne Staurheim designa motivet.[1]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Kommunevåpen for Nordre Land - nordre-land.kommune.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.