Peter Hallaråker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter Samuel Hallaråker (21. mars 193327. mai 2011) var ein norskfilolog og namnegranskar frå Bremnes som var busett i Volda. Han er kjend for sitt arbeid med stadnamn, både som leiar av Stadnamnprosjektet i Møre Romsdal i eit tiår og som forfattar av teoriverk kring innsamling og publisering av stadnamn.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Hallaråker var frå Bremnes i Sunnhordland, der far hans var gardbrukar og fiskar. Han tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1954 og vart cand. philol. ved Universitetet i Bergen i 1961, med norsk hovudfag, engelsk mellomfag og folkeminnevitskap grunnfag. 1964-65 studerte han engelsk ved University of Minnesota.

Frå hausten 1962 var Hallaråker tilsett som lektor i norsk ved Volda lærarskule. Åra 1966-68 underviste han i norsk ved Universitetet i Bologna, og lærde seg samstundes italiensk. Frå 1968 til -70 arbeidde han atter ved lærarskulen i Volda, tok så steget over i stilling som amanuensis i norsk språk ved den nyskipa Møre og Romsdal distriktshøgskule, også i Volda. Med unnatak for året 1978-79, då han underviste ved University of Wisconsin, arbeidde Hallaråker her fram til 2000. Frå 1994 heitte arbeidsstaden elles Høgskulen i Volda, då distriktshøgskulen og lærarskulen vart slått saman.

I 1983 kom Norwegian Nynorsk: An Introduction for Foreign Students ut, ei lærebok om nynorsk for utanlandske studentar. Dette emnet tok Hallaråker seinare for seg i fleire bøker og artiklar.

Hallaråker var i perioden 1985-95 leiar for «Stadnamnprosjektet» i Møre og Romsdal, i regi av Møreforsking. Omkring 200 000 stadnamn frå alle dei dåverande 38 kommunane i fylket vart samla inn. Prosjektet vart summert opp i Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking, ei handbok om namneinnsamling som kom ut i 1997, og som er Hallaråker si mest kjende bok. Innanfor namnegranskinga interesserte han seg elles særleg for vegnamn, og i 2006 kom oppslagsverket Vegar og namn. Veg- og gatenamnleksikon for Møre og Romsdal. Han skreiv i alt ti bøker og mange vitskaplege artiklar om stadnamn og nynorsk.

Hallaråker hadde fleire fagpolitiske verv. Han representerte også Venstre i Volda kommunestyre, ein periode var han med i formannskapet.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Skjergardsnamn frå Bremnes (1976)
  • The Nynorsk Language in the United States (1991)
  • Stadnamn i Møre og Romsdal. Innsamling, teori, metode og formidling (1995)
  • Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking (1997)
  • Vegar og namn. Veg- og gatenamnleksikon for Møre og Romsdal (2006)
  • Ei tid var. Dokumentsamling frå Bømlo 1668-1905 (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Leif Ramsdal og Jon Tvinnereim: Minneord om Peter Hallaråker i Voldaminne Årsskrift 2011, Volda 2011