Alkmaar
| Alkmaar | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Noord-Holland | ||
| Areal | 31,22 km² | ||
| Folketal | 109 896 (1. januar 2021)[1] | ||
![]() Alkmaar 52°37′44″N 4°44′39″E / 52.6289°N 4.74403°E | |||
| Wikimedia Commons: Alkmaar | |||
Alkmaar (vestfrisisk Alkmare) er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 95 000 innbyggjarar
Alkmaar er kjend for den tradisjonelle ostemarknaden.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Alkmaar vart først nemnd på 900-talet og fekk byrettar i 1254. Dei eldste delane av Alkmaar ligg på ein gammal sandbanke som gav vern mot havet i mellomalderen. Resten av byen ligg berre nokre meter over havet og består av ein av dei eldste polderane som eksisterer.
I 1573 klarte byen å stå imot ei omleiring frå spanske styrkar leia av Fernando Álvarez de Toledo av Alba. Alkmaar var den første byen i Nederland som vart frigjeve frå den spanske okkupasjonen og dette var eit vendepunkt i åttiårskrigen. Sigeren gav opphav til uttrykket Bij Alkmaar begint de victorie («Siger byrjar i Alkmaar»). Hendinga vert framleis feira kvart år den 8. oktober i byen, dagen då omleiringa enda.


I 1799, under dei franske revolusjonskrigane, erobra ein engelsk-russisk styrke byen, men vart til slutt i slaget ved Castricum. Den franske sigeren vart minna på Triumfbogen i Paris som «Alcmaer».
Noordhollandsch Kanaal opna i 1824 og vart grave gjennom Alkmaar. I 1865 vart det opna jernbanesamband mellom Alkmaar og Den Helder og i 1867 mellom Alkmaar og Haarlem.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kerncijfers wijken en buurten 2021». 6. august 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Alkmaar» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2008.

