Peter Raadsig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peter Raadsig
Peter Raadsig by Peter Most.jpg
Fødd 18. oktober 1806
København
Død

1. juli 1882
København

Yrke kunstmålar
Peter Raadsig på Commons

Johan Peter Raadsig (18. oktober 18061. juli 1882) var ein dansk sjangermålar. Han måla særleg portrett og historiske måleri.

Johan Peter Raadsig var son av styrmannen Søren Christian Raadsig, som omkom ved ei forlis i 1808, og Ellen Pouline (fødd Poulsen). Ho gifta seg opp att med godsforvaltaren S.D. Engell på Skjoldenæsholm. I nokre år av barndommen budde Raadsig med mora og stefaren, seinare blei han send til København. Etter konfirmasjonen blei han sett i målarlære. Han gjekk gjennom Det Kongelige Danske Kunstakademi og vann sølvmedaljar der. I 1833-40 kjøpte Den Kongelige Malerisamling fire av verka hans.

Ingolf tager Island i besiddelse (1850). Historisj måleri av Ingolf Arnarsson og dei norrøne busetjarane av Island i landnåmstida.

Raadsig reiste til Roma i 1841, der han blei verande i fire år før han deretter var i München i eitt. I konkurranse med «en så stor kreds af unge og lovende kunstnere» oppnådde han ikkje eit heilt kunstnarstipend, men måtte klara kostnadane sjølv. Det hjelpte at Malerisamlingen kjøpte to til av bilda hans, meisterverket En Relikviehandler og Abbeden af Bækkeskov etter at han kom heim.

Peter Raadsig er gravlagd på kyrkjegarden til Valsølille kyrkje ved Ringsted.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]