Petrozavodsk
Petrozavodsk | |||
Петрозаводск | |||
by | |||
Foto: Alexander Savin | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Føderasjonssubjekt | Karelia | ||
Høgd | 60 m | ||
Areal | 135 km² | ||
Folketal | 279 190 (1. januar 2018)[1] | ||
Grunnlagd | 1703 | ||
• Bystatus | 1777 | ||
Postnummer | 185000–185036 | ||
Retningsnummer | (+7)8142 | ||
![]() Petrozavodsk 61°47′00″N 34°21′00″E / 61.783333333333°N 34.35°E | |||
Wikimedia Commons: Petrozavodsk |
Petrozavodsk (russisk Петрозаво́дск), eller Petroskoi (karelsk og finsk), er hovudstaden i den autonome russiske republikken Karelia. Det finske namnet på byen var Äänislinna (frå Ääninen, finsk namn på Onegasjøen). Byen vart gjeven dette namnet medan Finland okkuperte dei austlege delane av Karelen under finske framhaldskrigen (1941–1944).
Petrozavodsk ligg i Petrozavodskbukta ved den vestre breidda av innsjøen Onega, kring 500 km nord for St. Petersburg og 925 km nordvest for Moskva. Byen strekkjer seg 10 km langs breidda, og kring 2 km inn i landet. Det er to flyplassar i Petrozavodsk, hamna handterer gods- og passasjertrafikk og jarnbanen til Murmansk går gjennom byen. Frå hamna går det båt til øya Kizji, som er på UNESCO si liste over verdsarv.
Byen vart grunnlagd av tsar Peter den store i 1703. På denne tida vart det bygd opp jernstøyperi og kanonfabrikk ved breidda av Onega. Kring fabrikken utvikla det seg ein landsby, Petrovskaja Sloboda. Fabrikken vart kjend for sine kanonar og si kunststøyping. Landsbyen fekk bystatus og namnet «Petrozavodsk» i 1777, då Katarina den store regjerte i Russland.
Petrozavodsk er republikken Karelia sitt administrative senter og viktigaste industriby. Byen har 282 900 innbyggjarar og er republikken sitt vitskaplege og kulturelle senter. Det er to universitet og fleire høgskular i byen. Statsuniversitetet i Petrozavodsk har òg eit skandinavisk institutt som vart grunnlagd i 1997. Kulturtilbudet er stort, med fleire teater, konserthus og kunstmuseum. Det er òg fleire kyrkjer i Petrozavodsk; Katarinakyrkja, Krosskyrkja, Den lutherske kyrkja og Alexander Nevskij-kapellet. Det er reist eit monument over Peter den store ved stranda.
Folk frå Petrozavodsk
[endre | endre wikiteksten]- Anastasija Maksimova, rytmisk gymnast
- Juri Dmitrijev, historikar
- Timur Dibirov, handballspelar
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Jarnbanestasjonen i Petrozavodsk.Foto: Alexander Savin
-
Universitetet i Petrozavodsk.Foto: Alexander Savin
-
Monument og parkanlegg.Foto: Alexei Troshin (Алексей Трошин)
-
Frå bygatene 1.Foto: Alexei Troshin (Алексей Трошин)
-
Frå bygatene 2.Foto: Alexei Troshin (Алексей Трошин)