Petter Andersson Dass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Petter Andersson Dass
Fødd 30. mars 1708
Død

26. februar 1760

Petter Andersson Dass ( Petter Dass d.y.) (30. mars 170826. februar 1760)[1] var ein norsk godseigar på Helgeland, fødd på Alstahaug prestegard. Han var son til Rebekka Lorentzsdotter Angell og sokneprest Anders Dass, og soneson til diktarpresten Petter Dass.

Petter Dass (d.y.) flytta inn på Tjøtta gard i 1738, same året som han gifta seg med Susanna Elisabeth Margrethe Bergmann (død 15. april 1744). Dei gjorde Tjøttagarden til eit godssentrum. Etter faren ervde han jordegods og tienderettar i Tjøtta, Vefsn, Alstahaug, Rana og Lurøy. I 1750 kjøpte han allmenningane i Helgeland av staten.

Petter Dass (d.y.) hadde ingen barn då han døydde, og godset han hadde bygd opp, vart selt på auksjon til Isach Coldevin d.e.Dønnes slik at eigedommane vart ein del av Dønnesgodset.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

  1. Alstahaug kyrkjebok 1760 s.461 - gravlagt 12. mars 1760