Phoenix Wright: Ace Attorney − Trials and Tribulations

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Phoenix Wright: Ace Attorney − Trials and Tribulations
Utviklar(ar)Capcom
Utgjevar(ar)Capcom
Kreativt ansvarleg(e)Shu Takumi
Produsent(ar)Atsushi Inaba
Forfattar(ar)Shu Takumi
Komponist(ar)Noriyuki Iwadare
Plattform(er)Game Boy Advance, Windows, Nintendo DS, Wii, iOS, Android, Nintendo 3DS
UtgjevingGame Boy Advance
JP: 23. januar 2004
Nintendo DS
JP: 23. august 2007
NA: 23. oktober 2007
EU: 3. oktober 2008
Nintendo 3DS
JP: 17. april 2014
NA: 9. desember 2014
EU: 11. desember 2014
SjangerEventyr, visuell roman
SpelemodusEinspelar

Phoenix Wright: Ace Attorney − Trials and Tribulations er eit dataspel innan sjangrane eventyrspel og visuell roman, utvikla av Capcom. Det var opphavleg utgjeve til Game Boy Advance i 2004 i Japan, og har sidan blitt utgjeve til fleire plattformer. Utgåva av spelet til Nintendo DS, som kom ut i 2007 i Japan og Nord-Amerika og i 2008 i Europa. Spelet er det tredje i Ace Attorney-serien og oppfølgjaren til Phoenix Wright: Ace Attorney frå 2001 og Phoenix Wright: Ace Attorney − Justice for All frå 2002.

Historia følgjer forsvarsadvokaten Phoenix Wright og Mia Fey, som forsvarer klientane sine i fem ulike episodar. Andre karakterar er mellom andre assistenten Maya Fey, søskenbarnet hennar, Pearl, og aktoren Godot. Spelet er delt inn i rettssaker, der spelaren spør ut vitne og freistar å avdekke motseiingar i vitnesbyrdet deira, og etterforskingar, der spelaren samlar inn bevis og snakkar med vitna.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]