Picabo Street

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Picabo Street


Statsborgarskap USA
Fødd 3. april 1971 (52 år)
Triumph
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 1994 – Utfor kvinner, Alpint under Vinter-OL 1998 – Super-G kvinner

Picabo Street (fødd 3. april 1971) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Idaho som vart verdsmeister i utfor ved VM i alpine greiner 1996, og olympisk meister i super-G under Vinter-OL 1998. I alt vann ho fem VM- og OL-medaljar i tida 1993-98.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Street tok sølvmedaljen i kombinasjonen i VM i alpine greiner 1993 i Morioka. Året etter sikra ho seg ein ny sølvmedalje då ho i Kvitfjell vart nummer to i utforrennet under dei olympiske leikaneLillehammer. På Kvitfjell vart ho slått av tyske Katja Seizinger, to år seinare var rollene omsnudd. Under verdsmeisterskapen 1996 i Sierra Nevada i Spania vann Street utforrennet framfor Seizinger, i tillegg fekk den amerikanske kvinna bronsemedaljen i super-G-øvinga. Under vinterleikane 1998 i Nagano vann Street olympisk gullmedalje i super-G med minst mogleg margin, ho fekk tida 1.18,02 medan austerrikske Michaela Dorfmeister vart klokka inn på 1.18,03. I OL-utforen vart Street nummer seks.

Street vann ni renn i verdscupen i alpine greiner, alle saman i utfor. Alle sigrane kom i tida desember 1994-februar 1996, den siste kom i Narvik og på skotårsdagen. Begge desse sesongane, 1995 og 1996, vann ho FIS-pokalen som beste kvinnelege utforrennar.

Ho heldt det gåande til Vinter-OL på amerikansk grunn i 2002, utan å oppnå suksess.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]