Piggsvinet Ludvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ludvig er eit piggsvin frå Kjell Aukrusts historier om Reodor Felgen. Ludvig søv lenge om morgonen, og er plaga med høysnue og er svært redd for forandringar. Eit sitat som er typisk for Ludvig er «Det er fali det». Ludvig er saktmodig, litt sær, og trivst best med det gamle. Han er den rake motsetnaden til den framfusne Solan Gundersen som òg bur hjå Reodor Felgen i Flåklypa.