Piggsvin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Piggsvin
Piggsvin
Piggsvin
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av piggsvin
Utbreiinga av piggsvin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Erinaceomorpha
Familie: Piggsvinfamilien Erinaceidae
Slekt: Erinaceus
Art: Piggsvin E. europaeus
Vitskapleg namn
Erinaceus europaeus

Piggsvin eller bustyvel (Erinaceus europaeus) er eit dyr i piggsvinfamilien som finst i nesten heile den palearktiske regionen, men berre sjeldan lenger nord enn 60°N,[2] og ikkje i Himalaya og Nord-Afrika. I Noreg har Artsdatabanken lista piggsvin sin status til nær truga (NT) frå 2021.

Piggsvinet er eit dyr på om lag 20 cm med spiss snute og harde, kvasse piggar på ryggen. Det lever i skog-, landbruks- og nokre bustadsområde. Det er nattaktivt og går i hi om vinteren. Dyret lever av sniglar, makkar, biller og andre insekt, og kan òg eta froskar, små gnagarar, fugleegg og ungfuglar.

Samankrølla piggsvin.

Eit skremt piggsvin vil krølla seg ihop til ein ball slik at piggane dekker heile dyret, og rovdyr ikkje klarer å skada det. Denne forsvarsmekanismen er kjent for å verka svært dårleg mot trafikk. Når dei går i dvale kan kroppstemperaturen søkke ned til ein grad celsius og nervane reagerer ikkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av piggsvin Erinaceus europaeus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Piggsvin
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.