Piqued Jacks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piqued Jacks

Aktiv2006–
Sjangerindierock, funkrock, alternativ rock

Piqued Jacks er eit italiensk rockeband skipa i 2006. Det består av Andrea Lazzeretti («E-King», vokal, piano, synthesizer), Marco Sgaramella («Majic-o», gitar), Francesco Bini («littleladle», bass) og Tommi Oliveri («HolyHargot», trommer). Dei representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Like an Animal», etter å ha vunne den sanmarinske songtevlinga Una Voce per San Marino 2023.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Piqued Jacks blei skipa i 2006 i byen Buggiano, nordvest for Firenze.[1] I 2010 og 2011 slapp bandet sine fyrste to EP-ar, og i 2012 jobba dei med den Los Angeles-baserte produsenten Brian Lanese med ein tredje EP, Just a Machine, som blei gjeven ut i januar 2013.[2]

Våren 2014 jobba dei med Matt Noveskey (frå rockebandet Blue October) på singlane «Upturned Perspectives» og «No Bazooka». Det fyrste studioalbumet til Piqued Jacks, Climb Like Ivy Does, kom i 2015, og den akustiske versjonen, Aerial Roots, kom i 2016.

Piqued Jacks på scena under Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

I juni 2018 gav Piqued Jacks ut singelen «Wildly Shine», pre-produsert av Michael Beinhorn (frå Red Hot Chili Peppers og Soundgarden). Same haust kom oppfølgjaralbumet The Living Past, som var produsert av Dan Weller (frå Enter Shikari og Bury Tomorrow). I 2019 vann Piqued Jacks rockeprisen under festivalen Sanremo Rock.[3]

Våren 2020 blei Piqued Jacks ein del av MTV-prosjektet MTV New Generation.[4] I september same år kom singelen «Safety Distance», det fyrste samarbeidet til bandet saman med Brett Shaw (Foals, Florence + The Machine). I mars 2021 kom det tredje studioalbumet Synchronizer, produsert av Julian Emery (Nothing But Thieves, McFly), Brett Shaw og Dan Weller.[5]

I 2023 deltok Piqued Jacks i den andre utgåva av Una voce per San Marino, der vinnaren fekk representere San Marino i Eurovision Song Contest. Dei deltok i tevlinga med låten «Like an Animal» og vann finalen 25. februar 2023. Som vinnarar fekk dei representere San Marino i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[6][7] I semifinalen enda dei på delt sisteplass med null poeng og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[8]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Piqued Jacks har sidan skipinga hatt eit par utskiftingar i besetninga. I 2016 blei trommisen ThEd0g erstatta av Damiano Beritelli, som igjen blei erstatta av HolyHargot i 2017. I april 2019 blei gitaristen Penguinsane erstatta av Majic-o.

Noverande
  • Andrea Lazzeretti («E-King») – vokal, piano, synthesizer (2006–)
  • Francesco Bini («littleladle») – bass, støttevokal (2006–)
  • Tommi Oliveri («HolyHargot») – trommer (2017–)
  • Marco Sgaramella («Majic-o») – gitar, støttevokal (2019–)
Tidlegare
  • Francesco Cugia («Penguinsane») – gitar
  • Matteo Cugia («ThEd0g») – bass

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2015 – Climb like Ivy Does
  • 2016 – Aerial Roots
  • 2018 – The Living Past
  • 2021 – Synchronizer

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 2008 – Tight-Mess
  • 2010 – Momo the Monkey
  • 2011 – Brotherhoods
  • 2013 – Just a Machine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. TV, Real Magic. «PiquedJacks feature on Real Magic TV (RMTV)». www.realmagictv.com. Henta 2. mars 2023. 
  2. Davis, Michelle (1. desember 2016). «Beyond Buggiano: meet Piqued Jacks». The Florentine. 
  3. Rock, Sanremo (18. juni 2019). «Tuttii premi della 32^ Edizione!! - Sanremo Rock» (på italiensk). Henta 2. mars 2023. 
  4. November 2020, 13 (13. november 2020). «IPiqued Jacks atterrano su MTV New Generation». News Mtv Italia. Arkivert frå originalen 23. mars 2023. Henta 2. mars 2023. 
  5. «CS_Musica, Piqued Jacks: La band toscana pubblica oggi per INRI il nuovo album "Synchronizer". Il 27 marzo lo speciale release party Synchronair.». us7.campaign-archive.com. Henta 2. mars 2023. 
  6. «PiquedJacks to Eurovision 2023 for San Marino». Eurovisionworld (på engelsk). 26. februar 2023. Henta 2. mars 2023. 
  7. «SanMarino select Piqued Jacks for Liverpool 2023». eurovision.tv (på engelsk). 26. februar 2023. Henta 2. mars 2023. 
  8. «SecondSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.