Pissoaret i Stensparken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pissoaret i Stensparken attmed Sporveisgata
Foto: Helge Høifødt

Pissoaret i Stensparken er eit pissoar som vart bygd i 1937 i Stensparken i Oslo, attmed Sporveisgata, etter teikningar av byarkitekt Harald Aars. Pissoaret er ope, luftig og sirkulært i forma, med ei renne til å pisse i nede ved golvet langsetter den sirkulære kjerna i midten av byggverket, der søyla som held taket oppe òg er plassert. Det er eit godt døme på funksjonalistisk arkitektur, men kan nok ikkje seiast å stette notidas krav til komfort og hygiene.

Pissoaret er det siste av liknande luftige og vinterkalde offentlege byggverk som er att i Oslo, og som det etter måten har vore mange av i si tid. Under Kulturminnevernåret 2009 vart pissoaret freda av Riksantikvaren 15. april av di det både er av arkitekturhistorisk og sanitærhistorisk verde, og var eit av 12 kulturminne «som særlig representerer fellesskapets møteplasser og behov».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]