Pjotr Butsjkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pjotr Butsjkin
Fødenamn Пё́тр Дми́триевич Бучки́н
Fødd 22. januar 1886
Tver oblast
Død

21. juni 1965
St. Petersburg

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar

Pjotr Dmitrijevitsj Butsjkin (22. januar 188621. juni 1965) var ein russisk og sovjetisk biletkunstnar og pedagog. Han var med på å skipa Leningrad kunstnarforeining og var ein representant for Leningrad-skulen i målarkunst.[1] Butsjkin laga måleri, akvarellar og grafikk. Han er best kjend for portretta sine.

Plakat frå 1917
Plakat frå 1917

Liv[endre | endre wikiteksten]

Pjotr Butsjkin var fødd i landsbyen Sofronovo i Tver oblast i Tsar-Russland. I 1891 flytta familien hans til byen Uglitsj ved Volga. Butsjkin fekk sine første teiknetimar frå lokale ikonmålarar.[2]

I 1899 kom Pjotr Butsjkin til Sankt Petersburg. Han blei elev ved Kunst- og industriakademiet i byen, og studerte under Nikolaj Kosjelev.[3]

Frå 1904 til 1912 studerte Butsjkin ved det keisarlege kunstakademiet, under Vasilij Mate og Vasilij Savinskij. I 1912 fekk han tittel som kunstnar med rett til å undervisa i kunst. Frå 1912–1914 vitja han Italia, Frankrike, Tyskland, Spania og andre land.[4]

Sidan 1907 hadde Butsjkin teke del i kunstutstillinga. Han måla portrett, landskap og sjangermåleri, og illustrerte teaterprogram og bøker. På 1920-talet måla han portrett av Vladimir Lenin og songaren Fjodor Sjaljapin. Han byrja også å spesialisera seg på revolusjonære og historiske motiv frå sovjettida.[5]

I 1914 blei Butsjkin medlemm av Kunstnarsamfunnet som etterkvart tok namn etter Arkhip Kuindzji. I 1918 blei han vald til medlem av samfunnet av russiske akvarellmålarar.

Etter Oktoberrevolusjonen i 1918–1921 gjorde Butsjkin teneste ved ein ubåtdivisjon i Den baltiske flåten. Frå 1921 til 1930 leia han teknisk avdeling ved forlaget 'Regnboge' i Leningrad.

I 1932 var Butsjkin med på å skipa Leningrad kunstnarforeining. I åra 1930–1936 verka han som illustratør i Leningrad og Moskva. Frå 1936 til 1940 underviste han ved Det russiske kunstakademiet, som teikneprofessor frå 1937.

I etterkrigsåra underviste Butsjkin ved Vera Mukhina kunst- og industrihøgskule i Leningrad. Her var han professor frå 1952 og leiar for avdelinga for monumental-dekorativ måling 1951–1955 og 1962–1965.[6] I 1956 fekk han ærestitteln «Æra kunstarbeidar av den russiske føderasjonen». I 1962 gav han ut eit memoar om livet sitt.[7]

Pjotr Butsjkin døydde i Leningrad i 1965. Måleria hans er melloma anna i Det russiske statsmuseet og i Tretjakov-galleriet.[8] og i land som Italia, Frankrike, Tyskland, England, USA og Japan.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sergei V. Ivanov. Unknown Socialist Realism. The Leningrad School.- Saint Petersburg: NP-Print Edition, 2007, s. 12, 13, 15, 20, 357, 360, 364, 365, 367, 370, 372, 378–383, 385, 387–390, 393, 394, 399, 402, 404, 405, 407, 439, 442, 445.
  2. Piotr Dmitrievich Buchkin. Exhibition catalogue. – Leningrad: Khudozhnik RSFSR, 1986, s. 4.
  3. Piotr Dmitrievich Buchkin. Exhibition catalogue. Leningrad, Khudozhnik RSFSR, 1986, s.9.
  4. Художники народов СССР. Биобиблиографический словарь. Кн.2. М: Искусство, 1972. Р. 129–130.
  5. «Ленинградский художник Бучкин Петр Дмитриевич». Socialist Realism. Kiev club of collectors. 
  6. Художники народов СССР. Биобиблиографический словарь. Кн.2. М: Искусство, 1972, s. 129–130.
  7. Бучкин, П. Д. О том, что в памяти. Записки художника. Л: Художник РСФСР, 1962.
  8. Sergei V. Ivanov. Unknown Socialist Realism. The Leningrad School. Saint Petersburg: NP-Print Edition, 2007. P. 6-7.
  9. Peinture Russe. Catalogue. Paris: Drouot Richelieu, 18 Fevrier, 1991, s. 7,20–21.
  • Бучкин, П. Д. О том, что в памяти. Записки художника. Л: Художник РСФСР, 1962.
  • Художники народов СССР. Биобиблиографический словарь. Кн.2. М: Искусство, 1972. Р. 129–130.
  • Peinture Russe. Catalogue. – Paris: Drouot Richelieu, 18 Fevrier, 1991. – p. 7,20–21.
  • Matthew C. Bown. Dictionary of 20th Century Russian and Soviet Painters 1900-1980s. – London: Izomar 1998. ISBN 0-9532061-0-6, ISBN 978-0-9532061-0-0.
  • Sergei V. Ivanov. Unknown Socialist Realism. The Leningrad School.- Saint Petersburg: NP-Print Edition, 2007. – p. 12, 13, 15, 20, 357, 360, 364, 365, 367, 370, 372, 378–383, 385, 387–390, 393, 394, 399, 402, 404, 405, 407, 439, 442, 445. ISBN 5-901724-21-6, ISBN 978-5-901724-21-7.
  • Иванов С. Инвестиции в советскую живопись: ленинградская школа // Петербургские искусствоведческие тетради. Вып. 31. СПб, 2014. С.54-60.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pjotr Butsjkin