Uglitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Uglitsj
Углич
Horisonten til
Flagget til Uglitsj Byvåpenet til Uglitsj
Flagget til Uglitsj Byvåpenet til Uglitsj


Plassering
Uglitsj is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Jaroslavl oblast
Grunnlagd 937
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2010)

34 507 
Koordinatar 57°32′″N 38°20′″EKoordinatar: 57°32′″N 38°20′″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 48532
Nettstad: www.uglich.ru

Uglitsj (russisk У́глич) er ein historisk by i Jaroslavl oblast i Russlandspm ligg ved elva Volga, rundt 100 km vest for Jaroslavl. Han har 34 507  innbyggjarar (folketeljing 2010).[1] Byen er knytt til Dmitrij av Uglitsj, ein tsarevitsj som vart drepen her og seinare utropt til helgen.[2] Uglitsj er del av den gylne sirkelen i Russland,[3] ei gruppe historiske byar i området rundt Moskva. Han har ein kreml frå 1400-talet der det finst eit palass og fleire kyrkjer.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei lokal segn daterer grunnlegginga av byen til 937. Han vart først nemnd i skriftleg kjelder i 1148, som Uglitsje Pole (tyder 'Hjørnejordet'). Ein reknar med at namnet viser til svingen i Volga like ved.[5]

Ikon av tsarevitsj Dmitrij

Uglitsj var sete for eit lite fyrstedøme frå 1218 til 1328, då dei lokale fyrstane selde rettane sine til storfyrsten av Moskva. Som ein grenseby for Storfyrstedømet Moskva vart han brunnen fleire gonger av litauarar, tatarar og storfyrsten av Tver. Mongolane jamna byen med jorda i 1238.[6]

Storhertug Ivan III av Moskva gav byen til den yngre bror sin Andrej Bolsjoj (Andrej den store) i 1462. Under styret til Andrej vart byen utvida og dei første steinbygningane vart oppført, mellom anna katedralen (ombygd i 1713), Forbønnsklosteret (øydelagd av bolsjevikane) og det raude teglsteinspalasset til fyrsten (fullført i 1481 og bevart til i dag).

Under styret til Ivan den grufulle gjekk byen over til den einaste bror hans, Jurij. Dei lokale innbyggjarane hjelpte tsaren med å ta Kazan, ved å bygge ei trefestning som vart frakta langs Volga heilt til Kazan. Heile 1500-talet var ei tid i framgang for Uglitsj både politisk og økonomisk, men så kom ei tid med tilbakegang.

Drapet på Dmitrij Ivanovitsj[endre | endre wikiteksten]

Etter at Ivan døydde i 1584 vart den yngste sonen hans, Dmitrij Ivanovitsj, forvist til Uglitsj saman med mora og morbrørne sine.[2] 15. mai 1591 fann den mest kjende hendinga i byen stad då den 10 år gamle guten vart funnen død med strupen skoren over i borggarden til palasset. Mistanken fall med ein gong på hovudrådgjevaren til tsaren, Boris Godunov. Innbyggjarar i byen gjekk til opprør og drap fleire folk dei skulda for drapet.[2] Offisielle granskarar konkluderte derimot med at dødsfallet var ei ulukke. Seinare vart klokka i katedralen som hadde ringt nyhenda om dødsfallet til Dimitrij stilt for retten og «straffa» med pisking, avskjering av «tunga» hennar og forvising til Sibir. Ho hang lenge i Tobolsk,[7] og kom først tilbake til Uglitsh i 1892.[8]

Sidan Dimitrij var den siste ættlingen av det eldgamle Rurik-dynastiet, så førte dødsfallet hans til den dynastiske og politiske krisen kjend som urotida i Russland. Folk trudde villig vekk at Dimitrij var i live og støtta opp om fleire falske Dmitrijar (Falske Dmitrij I, Falske Dmitrij II, Falske Dmitrij III) som prøvde å ta over trona i Moskva. Under dei urolege tidene omleira polakkane Aleksejevskij- og Uleima-klostera, brente dei til grunnen og tok livet av alle som hadde søkt tilflukt der. Uglitsj vart rasert i 1609 og igjen i 1611.[6]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Uglitsj måla av Konstantin Juon i 1913.
Dmitrijkyrkja frå Volga

Romanov-tsarane prioriterte å få kanonisert den martyrdrepne tsarevitsjen og å gjere Uglitsj til ein pilegrimsstad. På staden der Dimitrij hadde vorte myrda bygde byen i 1690 den vesle men vakre Dimitrijkyrkja (eller Blodskyrkja), som dukkar opp i horisonten med raude veggar og blå kuplar når ein seglar nordover på Volga. Palasset der prinsen budde vart gjort til eit museum. Biletet av tsarevitsjen med ein kniv i handa vart nytta som emblemet til byen.

I den første tredjedelen av 1700-talet vart kreml-katedralen og dei merkverdige klokketårna riven og bygd opp att. Andre landemerke frå 1700-talet er Smolenskaja-, Korsunskaja-, Kazanskaja- og Bogojavlenskaja-kyrkjene. Den viktigaste bygningen frå 1800-talet er katedralen i Epifaniklosteret, innvigd i 1853.

Uglitsj vasskraftverk

På 1930-talet medførte avgjersla til Stalin om å bygge Uglitsj-reservoaret til alvorleg flaum i utkanten av byen.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Passasjerbåt ved Uglitsj.

Industrien i byen består i maskinbygging, treforedling og møbelindustri. I byen ligg òg ein jernbanestasjon og eit vasskraftverk. Byen hadde tidlegare òg ein kjend fabrikk for armbandsur kalla Chaika, som no er nedlagd.

Det all-russiske forskingsinstituttet for smør og ysting, skipa i 1936, ligg her.[9][10]

I 2008 opna det fleirnasjonale føretaket Nexans ein kabelfabrikk i Uglitsj.[11]

Som del av den gylne sirkelen er Uglitsj eit mål både for turistar og pilegrimar med 23 kyrkjer, 3 kloster, museum og festivalar.[3]

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå i kremlen i byen så har Uglitsj òg andre flotte døme på gammal russisk arkitektur. Verdt å merke seg er Aleksejevskij- og Gjenoppstandelsesklostera.

Den tre-spira Maria Himmelfartskyrkja (1628) i Aleksejevskijklosteret vert rekna som ein juvel innan russisk mellomalderarkitektur. Like ved ligg òg den meir konvensjonelle Johanneskyrkja (1681).

Nærare breidda til Volga kan ein sjå Gjenoppstandelsesklosteret med den enorme katedralen, refektorium, klokketårnet og sommarkyrkja. Alle desse bygningane står på rekke og er datert til 1674-77. Vis-a-vis klosteret ligg Johannes Fødsels kyrkje. Ho vart bygd i 1689-90 av ein lokal handelsmann for å minne staden der sonen hans hadde drukna.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Всероссийская перепись населения 2010 года. Том 1" [2010 All-Russian Population Census, vol. 1]. Всероссийская перепись населения 2010 года [2010 All-Russia Population Census] (på russisk).
  2. 2,0 2,1 2,2 «Den hellige Demetrius av Uglitsj (1582-1591)», Den katolske kirke (på norsk), henta 12. oktober 2020 
  3. 3,0 3,1 «Uglich – the palette of the Russian Land», www.advantour.com, henta 18. oktober 2020 
  4. «Uglitsj». Store norske leksikon (på bokmål). 29. september 2014. 
  5. Brumfield , W. (12. juli 2019). «Resurrection Monastery in Uglich: Architectural jewel in chaotic times». Russia Beyond the Headlines. Henta 29. januar 2020. 
  6. 6,0 6,1 Brumfield, William (12. juli 2019), «Resurrection Monastery in Uglich: Architectural jewel in chaotic times», www.rbth.com (på engelsk), henta 18. oktober 2020 
  7. «Alien Species in the Holarctic - Brief history of Uglich», www.sevin.ru, henta 12. oktober 2020 
  8. «Alien Species in the Holarctic - Brief history of Uglich», www.sevin.ru, henta 12. oktober 2020 
  9. «GRID - All-Russian Scientific Research Institute of Butter and Cheese Making», www.grid.ac, henta 12. oktober 2020 
  10. «ВНИИ маслоделия и сыроделия (ВНИИМС) - Об институте - Наша история», vniims.info (på russisk), henta 12. oktober 2020 
  11. «Nexans Rus. LLC», www.interkabel.com, henta 12. oktober 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Uglitsj