Plutomånen Kharon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kharon ⯕
Kharon fotografert av New Horizons-romsonden 13. juli 2015.
Oppdaging
Oppdaga avJames W. Christy
Oppdagingsdato22. juni 1978
Nemningar
Småplanetnemning(134340) Pluto I
Namnsett etter
Kharon
Baneskildring
19 405 km
Eksentrisitet0,0
6 dagar 9 timar 18 minutt
Banehelling99,089°
Satellitt avPluto
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
1 172 km
Masse1,90·1021 kg
0,368 m/s2
synkron
ukjend
Albedo0,37

Kharon, Karon eller Charon (småplanetnemning (134340) Pluto I) er ein av dei fem kjende månane til dvergplaneten Pluto. Medan Pluto er dekt av frose nitrogen, trur ein Kharon er dekt av vanleg vassis.

Kharon går rundt Puto på eitt plutodøger, som tar 6,387 jorddøger. Dei to objekta er i bunden rotasjon med kvarandre, slik at dei alltid har den same sida vendt mot kvarandre.

Kharon har ein diameter på 1 172 km, såvidt halvparten av storleiken til Pluto. Massen er 1/7 av den til morplaneten. På grunn av den vesle forskjellen mellom dei to, kallar mange astronomar dei ein dobbel(dverg)planet heller enn ein planet og ein måne.

New Horizons-animasjon i nær-sanne fargar som viser Kharon (ytst) og Pluto i bane kring det sams massesenteret

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kharon vart oppdaga av James W. Christy 22. juni 1978 på ei fotografisk plate der han såg at Pluto hadde ei uvanleg form.[1]

Kharon er kalla opp etter ferjemannen Karon, som frakta folk til Hades, eller Pluto sitt dødsrike i gresk og romersk mytologi. Nokre engelskspråklege forskarar uttalar namnet med ein sj-lyd heller enn ein k-lyd av di oppdagaren James Christy eigentleg namnsette Kharon etter kona si, Charlene.[1]

Utforsking og geologi[endre | endre wikiteksten]

Eit nærbilete av Kharon (med gul ramme) syner mellom anna eit «fjell i ei vollgrav» (oppe til venstre)

Dei fyrste detaljerte bileta av Kharon vart tekne av romsonden New Horizons. Desse synte eit terreng som var yngre enn forskarar hadde venta. Yta til Kharon hadde fleire kløfter, grøfter og relativt få krater. Ei av kløftene er estimert til å ha ei djupn på 7-9 kilometer.[2]

I nordpolregionen til Kharon er det eit stort og mørkt raudbrunt område av uvisst opphav[2][3], uoffisielt kalla Mordor.[3]

Eitt av nærbileta til New Horizons synte eit større fjell i eit søkk i terrenget («fjell i vollgrav»), noko som forskarane på det vitskaplege laget til sonden ikkje utan vidare kunne tyda.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]