Hopp til innhald

Poeoptera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poeoptera
Spisshalestare, Poeoptera lugubris Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Spisshalestare, Poeoptera lugubris
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, public domain
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Slekt: Poeoptera
Bonaparte, 1854

Poeoptera er ei biologisk slekt av starar. Ho inneheld tre artar, alle lever i skoghabitat i Afrika. Desse starane er rugar i hole tre, og nyttar til dømes gamle hòl gjort av hakkespettar eller skjeggfuglar. Ein art, spisshalestare, er kolonirugar. Alle tre er lever i trekroner, og kosthaldet er for det meste eller utelukkande frukt. Hannar har ei meir glansfull fjørdrakt enn hoene.

Poeoptera-starar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Munkestare, Poeoptera femoralis, Abbott's Starling, Richmond, 1897, (VU)
  • Spisshalestare, Poeoptera lugubris, Narrow-tailed Starling, Bonaparte, 1854, (LC)
  • Blåstare, Poeoptera stuhlmanni, Stuhlmann's Starling, Reichenow, 1893, (LC)
  • Bekstare, Poeoptera kenricki, Kenrick's Starling, Shelley, 1894, (LC)
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Poeoptera