Hopp til innhald

Starefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Starefamilien
Masaistare Lamprotornis hildebrandti Foto: Noel Feans
Masaistare
Lamprotornis hildebrandti
Foto: Noel Feans
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Rafinesque, 1815

Starar er små til middels store sporvefuglar i familien Sturnidae. Namnet «Sturnidae» kjem frå det latinske ordet for starar, sturnus. Mange afrikanske artar er kjende som glansstarar på grunn av den iriserande effekten ein ser i fjørdrakta. Familien inkluderer òg mange store artar i Asia med fellesnamnet myna på engelsk. Starar finst naturleg i den gamle verda, frå Europa, Asia og Afrika, til nordlege Australia og øyane i det tropiske Stillehavet. Fleire europeiske og asiatiske artar har vorte introduserte til desse områda, så vel som til Nord-Amerika, Hawaii og New Zealand, der dei vanlegvis konkurrerer med innfødde fuglar innanfor felles habitat. Ein art er kjend for dei fleste menneska i Europa og Nord-Amerika, det er den europeiske staren. Gjennom store delar av Asia og Stillehavet er hyrdestare vanleg.

Starar har kraftige føter, flyginga er sterk og direkte, og dei er mykje sosiale. Føretrekte habitat er ganske ope land, føda er mest insekt og frukt. Fleire artar lever nær menneskebustader der dei er altetande fuglar. Mange artar søkjer etter byttedyr som biller ved å setje nebbet inn i ein sprekk og deretter presse opp nebbet, og utvidar dermed holet til dei får tilgang til byttedyret i sprekken.[1]

Fjørdrakta til mange artar er vanlegvis mørk med ein metallisk glans. Dei fleste artane hekkar i hòl, og legg blå eller kvite egg.

Starar har mangfaldige og komplekse lydar, og har vore kjende for å leggje inn lydar frå omgivnadene i sine eigne songar, inkludert bilalarmar og menneskeleg talemønster. Fuglane kan gjenkjenne bestemte individ på lætet deira, og er for tida gjenstand for forsking på utviklinga av menneskeleg språk.[2]

Starar er mellomstore sporvefuglar.[3] Den minste arten målt i lengd er bekstare (Poeoptera kenricki), på 15 centimeter, men den lettaste arten er munkestare (Poeoptera femoralis), på 34 gram. Dei største starane finn ein i slekta Mino, spesielt klovnestare (Mino dumontii) og gullmaskestare (Mino kreffti). Desse fuglane kan overstige 30 centimeter i lengd og vege over 225 gram. Fleire stareartar viser kjønnsdimorfisme i storleik.

Det syner derimot mindre kjønnsdimorfisme i fjørdrakt, berre 25 artar viser slike skilnader mellom kjønna. Fjørdrakta av starar er ofte fargerike grunna irisering, denne farga er avleidd frå strukturen i fjører, ikkje frå pigmenta. Nokre artar av asiatiske starar har fjørtoppar eller oppreiste fjører på hovudet. Anna ornamentikk inkluderer langstrekte halefjører og fargerike nakne område i andletet. Desse fargane kan vere avleidd frå pigment, eller, som hos balistare, strukturelle fargar som kjem av lysspreiing av parallelle kollagenfibre. Irisen hos mange artar er raud og gul, sjølv om yngre fuglar har mykje mørkare iris.[3]

Utbreiing, habitat og rørsler

[endre | endre wikiteksten]
Gråhovudstare er ein delvis migrant over store delar av austre utbreiingsområde, men rørslene deira er dårleg forstått
Foto: J.M.Garg

Starar lever i eit breitt spekter av habitat frå polarsirkelen i nord sør til ekvator, faktisk unngår dei berre dei tørraste sandørkenar. Familien er naturleg fråverande frå Amerika og frå store delar av Australia, men er til stades over mesteparten av Europa, Afrika og Asia. Slekta Aplonis har òg spreidd seg over øyane i Stillehavet og har nådd Polynesia, Melanesia og Mikronesia,[3] i tillegg har éin art i slekta Mino nådd Solomonøyane,[4] det er òg ein art av denne slekta som er den einaste stare funnen i det nordlege Australia.[3]

Asiatiske artar er mest vanlege i eviggrøne skogar, 39 artar funne i Asia er hovudsakleg skogsfuglar, i motsetnad til 24 andre artar som finst i meir opne eller menneskepåverka miljø. I kontrast til dette er afrikanske artane mest sannsynleg å finne i ope skog og på savannar, 32 artar er spesialistar på opne område mot 13 typiske skogsartar. Det høge mangfaldet av artar som finst i Asia og Afrika er ikkje samanliknbart med situasjonen i Europa, som har ein utbreidd og svært vanleg art, og to meir avgrensa artar. Den europeiske staren er både svært utbreidd og ekstremt trufast i sitt leveområde, han opptar dei fleste typane av opne habitat. Som mange andre stareartar har han òg tilpassa seg lett menneskepåverka habitat, inkludert jordbruksland, frukthagar, plantasjar og urbane område.[3]

Nokre stareartar er trekkfuglar, anten heilt, som akasiestare, som hekkar i Etiopia og nordlege Somalia og vandrar til Kenya og Sør-Somalia, eller kvitskulderstare, som er trekkfugl i ein del av utbreiingsområdet, men er standfugl i andre delar.[3]

Starar er generelt ein svært sosial familie. Dei fleste artane dannar flokkar av varierande storleik heile året. Desse flokkane kan omfatte andre stareartar og nokre gonger artar frå andre familiar. Denne sosiale åtferda er spesielt tydeleg ved oppsamling i kvileplassar, utanom hekkesesongen kan slike flokkar samle tusenvis av fuglar.[3]

Starar imiterer ei rekkje fugleartar, og har eit repertoar av 15-20 ulike imitasjonar. Dei føretrekkjer å imitere ropa frå artar med læte som er enkle i frekvens struktur, og rop som viser liten amplitudemodulasjon. Det finst lokale dialektar av hermelydar.[3] I tillegg til fuglar imiterer dei òg andre lydar, til dømes telefonar og bilar.

Kosthald og beiting

[endre | endre wikiteksten]

Føda til starar er vanlegvis dominert av frukt og insekt. Mange artar er viktige spreiarar av frø i Asia og Afrika, til dømes kvit sandeltre (Santalum album), og banyan (Santalum album). I tillegg spreier dei parasittiske misteltein. I Sør-Afrika er raudvengstare er ein viktig spreiar av introduserte Acacia cyclops. Starar har vorte observerte i å beite på gjærande, overmoden frukt, noko som førte til spekulasjonar om at dei kan bli rusa av alkohol.[3] Laboratorieforsøk på den europeiske staren har funne ut at dei har eit enzym tilgjengeleg som tillèt dei å bryte ned alkohol veldig fort.[5] I tillegg til frukt, vil mange starar òg ta for seg av nektar. I kva grad starar er viktige pollinatorar er ukjent, i det minste er somme det, som smalnebbstare i høgtliggjande Aust-Afrika, som pollinerer store lobelia-artar.[3]

Klovnestare, Mino dumontii
Foto: Doug Janson
Beltestare, Gracupica nigricollis
Foto: Pohan
Svartstrupestare, Gracupica contra
Foto: J.M.Garg
Langhaleglansstare, Lamprotornis caudatus
Blåøyreglansstare, Lamprotornis chalybaeus
Foto: Steve Garvie
Irisglansstare, Lamprotornis iris
Foto: Doug Janson
Kongestare, Lamprotornis regius
Foto: Micha L. Rieser

Starefamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[7]

Slekt Rhabdornis

  • Stripetreklatrar, Rhabdornis mystacalis, Stripe-sided Rhabdornis, Temminck, 1825, (LC)
  • Stortreklatrar, Rhabdornis grandis, Long-billed Rhabdornis, Salomonsen, 1953, (LC)
  • Bruntreklatrar, Rhabdornis inornatus, Stripe-breasted Rhabdornis, Ogilvie-Grant, 1896, (LC)
  • Gråkronetreklatrar, Rhabdornis rabori, Visayan Rhabdornis, Rand, 1950, (VU)

Slekt Enodes

  • Raudbrynstare, Enodes erythrophris, Fiery-browed Myna, Temminck, 1824, (LC)

Slekt Scissirostrum

  • Hakkestare, Scissirostrum dubium, Finch-billed Myna, Latham, 1801, (LC)

Slekt Aplonis

  • Metallstare, Aplonis metallica, Metallic Starling, Temminck, 1824, (LC)
  • Gulaugestare, Aplonis mystacea, Yellow-eyed Starling, Ogilvie-Grant, 1911, (NT)
  • Tanimbarstare, Aplonis crassa, Tanimbar Starling, Sclater, PL, 1883, (NT)
  • Atollstare, Aplonis feadensis, Atoll Starling, Ramsay, EP, 1882, (NT)
  • Rennellstare, Aplonis insularis, Rennell Starling, Mayr, 1931, (LC)
  • Biakstare, Aplonis magna, Long-tailed Starling, Schlegel, 1871, (LC)
  • Trådhalestare, Aplonis brunneicapillus, White-eyed Starling, Danis, 1938, (VU)
  • Brunvengstare, Aplonis grandis, Brown-winged Starling, Salvadori, 1881, (LC)
  • Makirastare, Aplonis dichroa, Makira Starling, Tristram, 1895, (LC)
  • Rustvengstare, Aplonis zelandica, Rusty-winged Starling, Quoy & Gaimard, 1832, (NT)
  • Stripestare, Aplonis striata, Striated Starling, Gmelin, 1788, (LC)
  • Ponapéstare, Aplonis pelzelni, Pohnpei Starling, Finsch, 1876, (CR)
  • Kantorstare, Aplonis cantoroides, Singing Starling, Gray, 1862, (LC)
  • Santostare, Aplonis santovestris, Mountain Starling, Harrisson & Marshall, AJ, 1937, (EN)
  • Orientstare, Aplonis panayensis, Asian Glossy Starling, Scopoli, 1786, (LC)
  • Molukkstare, Aplonis mysolensis, Moluccan Starling, Gray, 1862, (LC)
  • Korthalestare, Aplonis minor, Short-tailed Starling, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Mikronesiastare, Aplonis opaca, Micronesian Starling, Kittlitz, 1833, (LC)
  • Polynesiastare, Aplonis tabuensis, Polynesian Starling, Gmelin, 1788, (LC)
  • Samoastare, Aplonis atrifusca, Samoan Starling, Peale, 1849, (LC)
  • Rarotongastare, Aplonis cinerascens, Rarotonga Starling, Hartlaub & Finsch, 1871, (VU)

Slekt Basilornis

  • Sulawesistare, Basilornis celebensis, Sulawesi Myna, Gray, 1861, (LC)
  • Hjelmstare, Basilornis galeatus, Helmeted Myna, Meyer, 1894, (NT)
  • Toppstare, Basilornis corythaix, Long-crested Myna, Wagler, 1827, (LC)

Slekt Goodfellowia

  • Brudestare, Goodfellowia miranda, Apo Myna, Hartert, 1903, (NT)

Slekt Sarcops

  • Coletostare, Sarcops calvus, Coleto, Linné, 1766, (LC)

Slekt Streptocitta

  • Halsbandstare, Streptocitta albicollis, White-necked Myna, Vieillot, 1818, (LC)
  • Sulastare, Streptocitta albertinae, Bare-eyed Myna, Schlegel, 1865, (NT)

Slekt Mino

  • Klovnestare, Mino dumontii, Yellow-faced Myna, Lesson, R, 1827, (LC)
  • Gyllenstare, Mino anais, Golden Myna, Lesson, R, 1839, (LC)
  • Gullmaskestare, Mino kreffti, Long-tailed Myna, Sclater, PL, 1869, (LC)

Slekt Ampeliceps

  • Gulhovudstare, Ampeliceps coronatus, Golden-crested Myna, Blyth, 1842, (LC)

Slekt Gracula

  • Veddabeostare, Gracula ptilogenys, Sri Lanka Myna, Blyth, 1846, (NT)
  • Beostare, Gracula religiosa, Common Hill Myna, Linné, 1758, (LC)
  • Malabarbeostare, Gracula indica, Southern Hill Myna, Cuvier, 1829, (LC)
  • Engganobeostare, Gracula enganensis, Enggano MynaSalvadori, 1892
  • Niasbeostare, Gracula robusta, Nias Myna, Salvadori, 1887, (CR)

Slekt Sturnus

  • Stare, Sturnus vulgaris, European Starling, Linné, 1758, (LC)
  • Middelhavsstare, Sturnus unicolor, Spotless Starling, Temminck, 1820, (LC)

Slekt Creatophora

  • Flikstare, Creatophora cinerea, Wattled Starling, Meuschen, 1787, (LC)

Slekt Pastor

  • Rosenstare, Pastor roseus, Rosy Starling, Linné, 1758, (LC)

Slekt Agropsar

  • Mandsjuriastare, Agropsar sturninus, Daurian Starling, Pallas, 1776, (LC)
  • Brunkinnstare, Agropsar philippensis, Chestnut-cheeked Starling, Forster, JR, 1781, (LC)

Slekt Gracupica

  • Beltestare, Gracupica nigricollis, Black-collared Starling, Paykull, 1807, (LC)
  • Svartstrupestare, Gracupica contra, Asian Pied Starling, Linné, 1758, (LC)

Slekt Sturnornis

  • Kvitmaskestare, Sturnornis albofrontatus, White-faced Starling, Layard, EL, 1854, (VU)

Slekt Leucopsar

  • Balistare, Leucopsar rothschildi, Bali Myna, Stresemann, 1912, (CR)

Slekt Sturnia

  • Kvitskulderstare, Sturnia sinensis, White-shouldered Starling, Gmelin, 1788, (LC)
  • Pagodestare, Sturnia pagodarum, Brahminy Starling, Gmelin, 1789, (LC)
  • Gråhovudstare, Sturnia malabarica, Chestnut-tailed Starling, Gmelin, 1789, (LC)
  • Kvithettestar, Sturnia blythii, Malabar StarlingJerdon, 1845
  • Kvithovudstare, Sturnia erythropygia, White-headed Starling, Blyth, 1846, (LC)

Slekt Spodiopsar

  • Silkestare, Spodiopsar sericeus, Red-billed Starling, Gmelin, 1789, (LC)
  • Sotstare, Spodiopsar cineraceus, White-cheeked Starling, Temminck, 1835, (LC)

Slekt Acridotheres

  • Hyrdestare, Acridotheres tristis, Common Myna, Linné, 1766, (LC)
  • Landsbystare, Acridotheres ginginianus, Bank Myna, Latham, 1790, (LC)
  • Vinstare, Acridotheres burmannicus, Vinous-breasted Starling, Jerdon, 1862, (LC)
  • Svartvengstare, Acridotheres melanopterus, Black-winged Starling, Daudin, 1800, (CR)
  • Krattstare, Acridotheres fuscus, Jungle Myna, Wagler, 1827, (LC)
  • Javastare, Acridotheres javanicus, Javan Myna, Cabanis, 1851, (VU)
  • Grasstare, Acridotheres cinereus, Pale-bellied Myna, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Kragestare, Acridotheres albocinctus, Collared Myna, Godwin-Austen & Walden, 1875, (LC)
  • Engstare, Acridotheres grandis, Great Myna, Moore, F, 1858, (LC)
  • Krøllstare, Acridotheres cristatellus, Crested Myna, Linné, 1758, (LC)

Slekt Hartlaubius

  • Madagaskarstare, Hartlaubius auratus, Madagascar Starling, Müller, 1776, (LC)

Slekt Cinnyricinclus

  • Ametyststare, Cinnyricinclus leucogaster, Violet-backed Starling, Boddaert, 1783, (LC)

Slekt Onychognathus

  • Smalnebbstare, Onychognathus tenuirostris, Slender-billed Starling, Rüppell, 1836, (LC)
  • Bleikvengstare, Onychognathus nabouroup, Pale-winged Starling, Daudin, 1800, (LC)
  • Tjukknebbstare, Onychognathus neumanni, Neumann's Starling, Alexander, 1908, (LC)
  • Raudvengstare, Onychognathus morio, Red-winged Starling, Linné, 1766, (LC)
  • Grønhovudstare, Onychognathus fulgidus, Chestnut-winged Starling, Hartlaub, 1849, (LC)
  • Fjellskogstare, Onychognathus walleri, Waller's Starling, Shelley, 1880, (LC)
  • Klippestare, Onychognathus tristramii, Tristram's Starling, Sclater, PL, 1858, (LC)
  • Kvitnebbstare, Onychognathus albirostris, White-billed Starling, Rüppell, 1836, (LC)
  • Parykkstare, Onychognathus salvadorii, Bristle-crowned Starling, Sharpe, 1891, (LC)
  • Somalistare, Onychognathus blythii, Somali Starling, Hartlaub, 1859, (LC)
  • Sokotrastare, Onychognathus frater, Socotra Starling, Sclater, PL & Hartlaub, 1881, (LC)

Slekt Saroglossa

  • Flekkvengstare, Saroglossa spilopterus, Spot-winged Starling, Vigors, 1831, (LC)

Slekt Neocichla

  • Kvitvengstare, Neocichla gutturalis, Babbling Starling, Barboza du Bocage, 1871, (LC)

Slekt Grafisia

  • Kvitbryststare, Grafisia torquata, White-collared Starling, Reichenow, 1909, (LC)

Slekt Speculipastor

  • Skjorstare, Speculipastor bicolor, Magpie Starling, Reichenow, 1879, (LC)

Slekt Pholia

Slekt Poeoptera

  • Munkestare, Poeoptera femoralis, Abbott's Starling, Richmond, 1897, (VU)
  • Spisshalestare, Poeoptera lugubris, Narrow-tailed Starling, Bonaparte, 1854, (LC)
  • Blåstare, Poeoptera stuhlmanni, Stuhlmann's Starling, Reichenow, 1893, (LC)
  • Bekstare, Poeoptera kenricki, Kenrick's Starling, Shelley, 1894, (LC)

Slekt Notopholia

Slekt Hylopsar

Slekt Lamprotornis

  • Masaistare, Lamprotornis hildebrandti, Hildebrandt's Starling, Cabanis, 1878, (LC)
  • Akasiestare, Lamprotornis shelleyi, Shelley's Starling, Sharpe, 1890, (LC)
  • Storglansstare, Lamprotornis australis, Burchell's Starling, Smith, A, 1836, (LC)
  • Fiolettglansstare, Lamprotornis purpuroptera, Rüppell's Starling, Rüppell, 1845, (LC)
  • Langhaleglansstare, Lamprotornis caudatus, Long-tailed Glossy Starling, Müller, 1776, (LC)
  • Mopaneglansstare, Lamprotornis mevesii, Meves's Starling, Wahlberg, 1856, (LC)
  • Oskestare, Lamprotornis unicolor, Ashy Starling, Shelley, 1881, (LC)
  • Edelglansstare, Lamprotornis splendidus, Splendid Starling, Vieillot, 1822, (LC)
  • Príncipeglansstare, Lamprotornis ornatus, Principe Starling, Daudin, 1800, (LC)
  • Kongestare, Lamprotornis regius, Golden-breasted Starling, Reichenow, 1879, (LC)
  • Praktstare, Lamprotornis superbus, Superb Starling, Rüppell, 1845, (LC)
  • Kastanjebukstare, Lamprotornis pulcher, Chestnut-bellied Starling, Müller, 1776, (LC)
  • Karoostare, Lamprotornis bicolor, African Pied Starling, Gmelin, 1789, (LC)
  • Kvitkronestare, Lamprotornis albicapillus, White-crowned Starling, Blyth, 1855, (LC)
  • Gråbryststare, Lamprotornis fischeri, Fischer's Starling, Reichenow, 1884, (LC)
  • Småglansstare, Lamprotornis chloropterus, Lesser Blue-eared Starling, Swainson, 1838, (LC)
  • Kilehaleglansstare, Lamprotornis acuticaudus, Sharp-tailed Starling, Barboza du Bocage, 1869, (LC)
  • Blåøyreglansstare, Lamprotornis chalybaeus, Greater Blue-eared Starling, Hemprich & Ehrenberg, 1828, (LC)
  • Irisglansstare, Lamprotornis iris, Emerald Starling, Oustalet, 1879, (LC)
  • Purpurglansstare, Lamprotornis purpureus, Purple Starling, Müller, 1776, (LC)
  • Grønglansstare, Lamprotornis nitens, Cape Starling, Linné, 1766, (LC)
  • Bronsehaleglansstare, Lamprotornis chalcurus, Bronze-tailed Starling, Nordmann, 1835, (LC)

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. R. East and R. P. Pottinger (November 1975). «(Sturnus vulgaris L.) predation on grass grub (Costelytra zealandica (White), Melolonthinae) populations in Canterbury». New Zealand Journal of Agricultural Research (The Royal Society of New Zealand) 18 (4): 417–452. ISSN 0028-8233.  (Sjå s. 429.)
  2. Zimmer, Carl. "Starlings' Listening Skills May Shed Light on Language Evolution". The New York Times, 2. mai 2006. Henta 25. januar 2012.
  3. 3,00 3,01 3,02 3,03 3,04 3,05 3,06 3,07 3,08 3,09 del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D., red. (2009). «Family Sturnidae (Starlings)». Bush-shrikes to Old World Sparrows. Handbook of the Birds of the World. Band 14. Barcelona: Lynx edicions. s. 654–709. ISBN 978-84-96553-50-7. 
  4. Doughty, Chris; Day, Nicholas; Andrew Plant (1999). Birds of The Solomons, Vanuatu & New Caledonia. London: Christopher Helm. ISBN 978-0-7136-4690-0. 
  5. Prinzinger, R.; Hakimi G.A. (1996). «Alcohol resorption and alcohol degradation in the European Starling Sturnus vulgaris». Journal fur Ornithologie 137 (3): 319–327. 
  6. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Starefamilien