Poetisk realisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Poetisk realisme er ein periode innan nordisk litteratur som viser til overgangen mellom romantikken og realismen. Perioden er prega av at dei høge ideala frå romantikken blei tona ned og kvardagsleggjorde.

Retninga fekk stor tilslutting i Danmark i åra etter 1825, og blei systematisert av dramatikaren og litteraturkritikaren Johan Ludvig Heiberg. Han skulle mellom anna få stor innverknad på H.C. Andersen og Johan Sebastian Welhaven. Litteraturen i perioden har både romantiske og realistiske trekk. Amtmannens døtre av Camilla Collett og Peer Gynt av Henrik Ibsen er sentrale norske døme på den poetiske realismen.

Sentrale namn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]