H.C. Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portett med Andersen sin signatur.

Hans Christian Andersen (fødd 2. april 1805 i Odense, død 4. august 1875 i København) var ein dansk diktar og forfattar som særleg er kjend for eventyra sine. Nest etter Bibelen er eventyra dei mest omsette tekstane i verda.[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Barndomsheimen til Andersen i Odense.

Andersen blei fødd i Odense den 2. april 1805 til vaskekona Anne Marie Andersdatter og skomakarsvennen Hans Andersen. Faren døydde då sonen var elleve år gammal. I 1819, som fjortenåring, drog H.C. Andersen til København for å prøva lykka ved Det Kongelige Teater. I tre år prøvde han utan hell å vinna innpass ved teateret som songar, dansar og skodespelar.

Ungguten levde eit hardt og fattig liv, men fekk hjelp frå innflytelsesrike vennar til å ta utdanning. I 1822 tok H.C. Andersen fatt på latinskolen, først i Slagelse og frå 1826 i Helsingør. Her opplevde han å bli mobba av både elevar og lærarar. Mens han var elev skreiv Andersen diktet «Det døende Barn», i 1827. Året etter tok han studenteksamen og i 1829 igjen Anden Eksamen. Den første eigentlege diktsamlinga hans kom ut i 1831. Same året drog han for første gong til utlandet, til Tyskland, der han mellom anna møtte diktaren Chamisso.

Den amerikanske globetrottaren J. Ross Browne vitja på eige initiativ H.C. Andersen i 1862 og skildrar møtet slik[2]:

« Foran meg sto en høy, skinnmager mann, litt over sin beste alder, men ennu ikke gammel, med et par spillende grå øyne i et smalt ansikt, kryende fullt av furer og rynker og muskler. Et lang ansikt med en sterkt fremspringende, stor og litt skjev nese flankert av et par veldige kinnben med store fordypninger under. Utallige furer og rynker strakte seg halvsirkelformig nedover rundt vikene på en diger munn, en bred revne tvers over ansiktet, som man feilaktig kunne ha tatt for gapet på et barneslukende troll, om det ikke hadde vært for de solstreif av hjertens godhet som lå på lur rundt lebene, og den milde menneskelighet som som glimtet frem fra alle krinker og kroker.»

J. Ross Browne
Med hest og karjol. Gjennom Norge og Island for 100 år siden (Cappelens forlag 1969).
J. Ross Browne vitja på eige initiativ H.C. Andersen i 1862.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Eventyrfiguren Tommelise, teikna av Vilhelm Pedersen.

I 1835 gav Andersen ut sin første roman, Improvisatoren, og dei første to eventyrsamlingane sine. I åra som følgde skreiv han ei rekke skodespel og to romanar, O. T. og Kun en Spillemand. Ei reise i 1840-41) til mellom anna Italia, Malta, Hellas og Tyrkia førte til reiseskildringa En Digters Bazar i 1842. H.C. Andersen vitja den engelske forfatteren Charles Dickens under ei englandsreise det same året, og i 1862-63 drog han til mellom anna Spania og Marokko, noko han skildra i I Spanien.

Det var med eventyra sine at H.C. Andersen blei mest kjend og lesen. Dei er omsette til over hundre språk. Desse forteljingane kan vera vakre, sørgmodige og avslørande. Nokre av dei er inspirerte av danske folkeeventyr, andre av forfattaren sitt eige liv. Blant dei mest kjende er «Den lille Pige med Svovlstikkerne», «Keiserens nye klær», «Prinsessen på erten», «Den stygge andungen» og «Den lille havfrue».

Kulturkanonen[endre | endre wikiteksten]

Den lille havfrue er teken opp i den danske kulturkanonen.[3][4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dag og Tid 21.januar 2013 s.31
  2. Browne, J. Ross (1969): Med hest og karjol. Gjennom Norge og Island for 100 år siden. Cappelens forlag, Oslo (utgitt første gong 1867 i New York), s.87.
  3. Om Den lille havfrue hos Kulturkanonen
  4. Begrunnelse - Kulturkanonen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: H.C. Andersen