Pokémon Snap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Pokémon Snap».

Pokémon Snap er eit videospel fyrst gjeve ut for Nintendo 64, og seinare for Virtual ConsoleWii. Spelet er ein del av Pokémon-serien, og vart fyrste gong gjeve ut i Europa 15. september i 1999. Utgåva på Virtual Console er det fyrste som har vorte brigda sidan den opphavlege utgjevinga; på Virtual Console kan ein sende bilete ein har teke til oppslagstavla på konsollen. Dessutan vart standardnamnet til hovudpersonen brigda frå Todd til Todd Snap, og pokémonen Jynx fekk leten lilla i staden for den opphavelege svarte. Spelet har 63 av dei 151 opphavlege pokémonane.

Ramma til spelet[endre | endre wikiteksten]

Spelet handlar om ein pokémonfotograf som heiter Todd Snap. Han vert henta til ei øy av Professor Oak, som treng høgkvalitetsbilete for å stø dei vitskaplege oppdagingane han har gjort. Øya har fleire vêrlag, som Todd granskar med ein særeigen farkost.

Oppbygginga til spelet[endre | endre wikiteksten]

I spelet kan ein ikkje røra seg fritt, men langs ei rute som er fastsett på førehand. Medan ein rører seg langs denne ruta, skal ein taka bilete av ymse Pokémon-ar som syner seg. Ein kan ta opp til 60 bilete på ein tur, og når turen er ferdig dømer Professor Oak eitt av bileta som ein vel. Dette dømer han ut frå fleire haldepunkt, til dømes storleik og haldning på Pokémon-en, og anna.

Spelet har sju forskjellige banar: strand, tunnel, vulkan, elv, hole, dal, og ei spesialbane oppe i skyene. Med tida kan ein oppdage mykje nytt i banane, til dømes nye ruter, Pokémon-ar, eller nye vis å få ein høg poengsum på.

Det er fleire hjelpemiddel ein kan nytta for å få betre bilete. Ein kan nytta eple, som drar til seg Pokémon-ar, spesielle ballar, som kan slå ut, tvinga fram, eller få ein Pokémon til å te seg annleis, pokéfløyte, som vekkjer sovande pokémonar, og ein kan auka snøggleiken til farkosten.