Polemikk
Hopp til navigering
Hopp til søk

Tittelsida til Thomas Murner sitt anti-lutherske polemiske skrift Von dem grossen Lutherischen Narren wie ihn Doctor Murner beschworen hat frå 1522.
Polemikk (frå gresk πολεμικός, polemikós, 'krigskunst', av pólemos, 'krig, strid') viser til offentleg ordstrid. Omgrepet kan visa til heftig skriftleg debatt i aviser og tidsskrift, tekstar med brodd mot andre sine meiningar og meir eller mindre sakleg kritikk.
Eit antonym (motsett meining) til polemikk er apologia, eller forsvarsskrift.
Kjende norske polemikkar er striden mellom Welhaven og Wergeland, der Welhaven mellom anna skreiv «Henrik Wergelands Digtekunst og Polemik ved Aktstykker oplyste». På 1960-talet markerte Jens Bjørneboe seg som ein skarp polemikar.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Polemikk» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Polemikk» frå Wikipedia på bokmål, den 31. januar 2012.