Trekant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein rettvinkla trekant med hypotenus og katet

Ein trekant eller ein triangel er ein figur med tre sider og tre hjørne. Summen av vinklane er 180 grader.

Trekantar kan delast i fleire typar.

  • Likesida trekantar har tre like lange sider.
  • Likebeina trekantar har to sider som er like lange.
  • Rettvinkla trekantar har ein vinkel på 90 grader.

Arealet av ein trekant kan vi rekne ut ved hjelp av den geometriske formelen, \frac{h \times l}{2}. Arealet er lik lengda av grunnlina gonger høgda delt på to. Høgda er kortaste avstand frå grunnlina til motståande hjørne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]