Pentagon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Ein likebeint pentagon (femkant)

Ein pentagon er ein samanhengande geometrisk figur som er sett saman av fem sider, dvs ein geometrisk figur med fem sider. I matematikken seier vi ein femsida polygon eller mangekant.

Sidene i denne polygonen treng ikkje å vere like lange.

Arealet av ein likebeina pentagon, der sidene har lengda a er:

Konstruksjon av ein likesida pentagon med passar og linjal[endre | endre wikiteksten]

Konstruksjon av likesida femkant

Vi kan konstruere ein femkant eksakt med passarog linjal (fargane er nemnde berre for å hjelpe til ved forklaringa):

  1. Teikn ein sirkel (blå) omkring eit punkt M.
  2. Teikn ein diagonal og ein annan diagonal vinkelrett på denne i M (raud strek)
  3. Halvér den eine radien (gul strek), punkt D.
  4. Teikn ein boge (grøn) med radien DE med sentrum i punkt D. Han kryssar lina AM i punkt F. Lina EF gjev sidelengda i pentagonen.
  5. Teikn ein boge med sentrum i E med radius EF (oransje). Bogen kryssar den store (blå) sirkelen i G. Flytt passarspissen frå E til G og teikn den neste sida, o.s.v.

Vinkelen EMG er 72 gradar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]