Portrait (He Knew)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Portrait (He Knew)
Singel av Kansas
frå albumet Point of Know Return
B-side Lightning's Hand
Sjanger Progressiv rock, progressiv Pop
Lengd 4:30
Låtskrivar(ar) Kerry Livgren, Steve Walsh
Kansas-kronologi
«Dust in the Wind»
(1977)
Portrait (He Knew) People of the South Wind
(1978)


«Portrait (He Knew)» er ein song av det amerikanske progressive rockebandet Kansas. Han var skriven av Kerry Livgren og Steve Walsh og spelt inn for det femte albumet deira, Point of Know Return i 1977. Songen kom òg ut på singel etter suksessen til «Point of Know Return» og «Dust in the Wind» og nådde 64. plassen på Billboard Hot 100. Han vart seinare gjeven ut på konsert- og samlealbuma Two for the Show, Live at the Whisky, Device, Voice, Drum, The Kansas Boxed Set, The Ultimate Kansas, Sail On: The 30th Anniversary Collection, Works in Progress og Playlist: The Very Best of Kansas.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Inspirasjonen for songen kom frå beundringa til Kerry Livgren for Albert Einstein. Han skreiv teksten då han gjekk gjennom ein andeleg overgangsfase i livet sitt og vart omvendt til kristendom. Han spelte inn songen på nytt med bandet sitt, AD, og endra teksten til å handle om Jesus Kristus i staden. Denne versjonen fekk tittelen «Portrait II».

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 64

Kjelder[endre | endre wikiteksten]