Dust in the Wind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dust in the Wind
Singel av Kansas
frå albumet Point of Know Return
B-side Paradox
Utgjeve 16. januar 1978
Innspelt Juli 1977
Studio Woodland Studios (Nashville)
Sjanger Softrock[1]
Lengd 3:27
Selskap Kirshner
Låtskrivar(ar) Kerry Livgren
Produsent Jeff Glixman, Kansas
Kansas-kronologi
«Point of Know Return»
(1977)
Dust in the Wind «Portrait (He Knew)»
(1978)


«Dust in the Wind» er ein song av det amerikanske progressive rockebandet Kansas og skriven av Kerry Livgren. Songen kom først ut i 1977 på albumet deira Point of Know Return.

Singelen nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100 22. april 1978, og vart den einaste singelen deira som nådde topp 10 på Billboard Hot 100-lista. Singelen oppnådde gullplate for ein million selde eksemplar i USA kort tid etter han kom ut.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på songen er ein Bibelreferanse som siterer Forkynnaren:[2]

« Eg såg på kvar gjerning som blir gjord under sola. Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden![3] »

Kerry Livgren skreiv gitarlinja for «Dust in the Wind» som ei fingerøving for å lære seg fingerplukking på gitaren sin. Kona hans, Vicci, høyrde det han gjorde og sa at ho likte melodien og oppfordra han til å skrive ein tekst. Livgren var usikker på om dei andre i bandet kom til å like songen, sidan det var eit steg til side for den vanlege stilen deira. Etter at Kansas hadde øvd inn alle songane meint for innspelinga deira i juni og juli 1976, spelte Livgren «Dust in the Wind» for dei, som etter ein augneblink med stille spurte «Kerry, kvar har denne vore?»[4]

Songen vart valt ut som den andre singelen frå albumet, medan den første songen, tittelsporet på albumet, gjorde det heller dårleg.[5] «Dust in the Wind» kom ut kort tid etter og gjekk inn på 81. plassen på Hot 100 den 21. januar 1978. Innan april hadde songen nådd sjetteplassen på Hot 100 og vart den høgast plasserte singelen til Kansas og den einaste som nådde topp 10.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Australske Kent Music Report[7] 52
Belgian VRT Top 30[8] 29
Canadian RPM Top 100[9] 3
Canadian RPM Adult Contemporary[10] 1
Den nederlandske singellista[11] 19
Den franske singellista[12] 22
New Zealand Singles Chart[13] 36
U.S. Billboard Hot 100 6
U.S. Billboard Adult Contemporary[14] 6
U.S. Cashbox Top 100[15] 3

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Passering
Canadian RPM Top Singles[16] 24
U.S. Billboard Hot 100 39
U.S. Cashbox Top 100[17] 37

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Selskap Salstrofé
Canada[18] CRIA Gull
USA[19] RIAA 3x Platina

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Sarah Brightman spelte inn «Dust in the Wind» i 1998 på albumet hennar Eden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «VH1's 40 Most Softsational Soft-Rock Songs». Stereogum. SpinMedia. 31. mai 2007. Henta 24. mai 2020. 
  2. «A Once Wayward Son Carries On». Christianity Today. 6. mars 2006. Henta 24. mai 2020. 
  3. «Forkynnaren 1:14». bibel.no. Henta 24. mai 2020. 
  4. Kansas - We Knew It Was Going to Be a Hit, interview (posted to YouTube on 28. januar 2015)
  5. Cashbox Vol 39 #36 (21. januar 1978) «Success of Kansas Traced to Constant Touring, FM Airplay» by Mark Mehler pp.12,28
  6. https://www.musicvf.com/Kansas.art
  7. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. «Radio2 top 30: 7 november 2015». Radio2.be. Arkivert frå originalen 9. april 2012. Henta 24. mai 2020. 
  9. «Dust in the Wind in Canadian Charts». Collectionscanada.gc.ca/rpm. Arkivert frå originalen 15. januar 2016. Henta 24. mai 2020. 
  10. «Dust in the Wind in Canadian Adult Contemporary Charts». Collectionscanada.gc.ca/rpm. Arkivert frå originalen 15. januar 2016. Henta 24. mai 2020. 
  11. «Discografie Kansas». Dutchcharts.nl (på nederlandsk). Hung Medien / hitparade.ch. Arkivert frå originalen 15. januar 2016. Henta 24. mai 2020. 
  12. «Infodisc : Tous les Titres de chaque Artiste». Arkivert frå originalen 14. juni 2012. Henta 24. mai 2020. 
  13. «Discography Kansas». charts.nz. Hung Medien. Henta 24. mai 2020. 
  14. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 133. 
  15. [1]
  16. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 23. mars 2017. Henta 24. mai 2020. 
  17. [2]
  18. «Gold and Platinum Search». Arkivert frå originalen 29. januar 2013. 
  19. «RIAA - Gold & Platinum Searchable Database - 10. november 2015». Riaa.com. Henta 24. mai 2020.