Audio-Visions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Audio-Visions
Studioalbum av Kansas
Språk engelsk
Utgjeve September 1980
Innspelt Seint i 1979 og tidleg i 1980
Studio Axis Studios i Atlanta i Georgia
Sjanger Arenarock, progressiv rock
Lengd 43:16
Selskap Kirshner/CBS, Epic
Produsent Kansas, Brad Aaron, Davey Moiré
Kansas-kronologi 
Monolith
(1979)
Audio-Visions Vinyl Confessions
(1982)


Singlar frå Audio-Visions
  1. «Hold On»
    Utgjeve: 1980
  2. «Got to Rock On»
    Utgjeve: 1981

Audio-Visions er det sjuande studioalbumet til amerikanske progressive rockebandet Kansas, gjeve ut i 1980.

Kerry Livgren hadde nyleg blitt nykristen, og det kan merkast på albumet, særskild i teksten til «Hold On», som vart skriven som ei evangelistisk bøn til kona hans. Songen var den siste topp 40-singelen deira med den originale besetninga. Songen nådde akkurat 40. plassen då han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet.[1]

Den andre singelen frå albumet, «Got to Rock On» nådde berre 75. plassen.[1] og kom òg ut som ein promosingel på 12"-singel med eit konsertopptak av songen som B-side, henta frå ein konsert i Chicago, som vart sendt på radio. Ein annan konsert som vart sendt på radio frå denne turneen var frå New York City. I tillegg til at dei spelte alle songane på albumet på denne turneen, spelte dei òg eit utval av songar frå dei nylege soloalbuma til Livgren og Walsh. Sjølv om alle songane frå albumet Monolith var spelt på den førre turneen deira i 1979, vart ikkje einaste song frå Monolith framført på Audio-Visions-turneen.

Den åttande songen på dette albumet, «No One Together», var opphavleg meint for det førre albumet, Monolith, men vart droppa etter ein krangel mellom Walsh og Livgren over kva songar som skulle med der. Songen enda då opp på dette albumet i staden.

Albumet var det siste med den originale besetninga i bandet før Somewhere to Elsewhere i 2000. Det var òg det siste albumet deira som selde til gullplate i USA, noko det oppnådde i desember 1980.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[3]

Rolling Stone gav ei negativ melding av albumet og kalla det «det mest musikalsk overspente og tekstmessige tåpelege produktet av eit kollektivt hybris som har gått ut av kontroll» og kalla hånleg Kerry Livgren for «Kerry Liver». Dei meinte at Kansas hadde mista ll retning og at «Hold On» var den einaste songen som ikkje var gått tapt i feilretta ambisjonar.[4] William Ruhlmann i AllMusic skreiv at «ingenting her matcha musikken deira frå slutten av 70-åra», truleg fordi dei to hovudlåtskrivarane hadde starta på solokarrieren sine og at Kansas var blitt «eit deltidsprosjekt».[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Relentless»Kerry Livgren4:56
2.«Anything for You»Steve Walsh3:58
3.«Hold On»Livgren3:53
4.«Loner»Walsh2:30
5.«Curtain of Iron»Livgren6:12
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Got to Rock On»Walsh3:21
7.«Don't Open Your Eyes»Walsh, Rich Williams, Livgren, Phil Ehart, Dave Hope4:05
8.«No One Together»Livgren6:58
9.«No Room for a Stranger»Williams, Walsh3:00
10.«Back Door»Walsh4:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kansas
Andre medverkande
  • Donna Williams, Joey Jelf, Lisa White, Victoria Livgren, Terry Ehart, The Four Bassmen - ekstra vokal og lydar
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album
År Liste Plassering
1980 Billboard 200 (USA)[5] 26
Den svenske albumlista[6] 35
RPM100 Albums (Canada)[7] 96

Singlar
År Title Liste Plassering
1980 «Hold On» Billboard Hot 100 (USA)[1] 40
1981 «Got to Rock On» Billboard Hot 100 (USA)[1] 75

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1980 Gull (+ 500 000)[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kansas Chart History: Hot 100». Billboard.com. Billboard. Henta 24. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 «RIAA Gold & Platinum Database: Search for Kansas». Recording Industry Association of America. Henta 22. mai 2020. 
  3. 3,0 3,1 Ruhlmann, William. Audio-VisionsAllmusic
  4. Fricke, David (11. desember 1980). «Album Reviews: Kansas - Audio-Visions». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. februar 2008. Henta 24. mai 2020. 
  5. «Kansas Chart History: Billboard 200». Billboard.com. Billboard. Henta 23. mai 2020. 
  6. «Kansas - Audio-Visions (Album)». Swedishcharts.com. Media Control Charts. Henta 24. mai 2020. 
  7. «Top Albums/CDs - Volume 34, No. 4, 22. november 1980». Library and Archives Canada. 22. november 1980. Henta 24. mai 2020.