Postmuseet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Postmuseet

Postmuseet i Noreg vart etablert i 1947, og ivaretar eit nasjonalt ansvar for posthistorie. Etter å ha vore lokalisert i Oslo i alle år, konsoliderte Postmuseet våren 2003 med Maihaugen museum i Lillehammer. I juni 2004 opna ei ny utstilling i Postgarden på Maihaugen. I 2010 skifta det konsoliderte museet Maihaugen namn til Lillehammer museum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Postmuseet vart etablert i samband med Postens 300-årsjubileum i 1947, men dei fyrste tankane om eit norsk postmuseum kom så tidleg som i 1885. I sirkulær nr. 11 frå Poststyret dette året heiter det: «De ved Postanstalterne beroende, Postvæsenet tilhørende inventarsager, der ikke lenger benyddes, bedes snarest muligt insendt til Departementets 3die Postadministrasjonskontor».[1]

Det skulle likevel gå fleire år før utviklinga gjekk vidare. I 1901 deltok Poststyret med ei mindre postavdeling på ei kulturhistorisk utstilling på Norsk Folkemuseum på Bygdøy. Fyrst i 1935 fekk saka eit meir offisielt preg. Departementet overlét til Postdirektøren å skaffa husrom og oppretta eit eige Postmuseum, og den 15. april 1947 vart museet opna. Lokalane lå i sjuande etasje i Hovudpostgarden i Oslo. Museet bestod av ni sammenhengde rom på til saman 400 m². Utstillinga inneheldt blant anna modellar av skip og køyretøy, våpen, posthorn, skilt og frimerke.

I åra fram til 2003 var museet lokalisert i posthuskvartalet ved hovudpostgarden i Oslo. I 2003 konsoliderte Postmuseet med Maihaugen. Museet og samlingane vart flytta til Maihaugen på Lillehammer.

Utstillingar på Maihaugen[endre | endre wikiteksten]

Museet held i dag til i Postgarden i Byavdelingen i friluftsmuseet på Maihaugen. I Postgarden finst den historiske utstillinga «Post underveis», og på Maihaugen stasjon finst utstillinga «Posten på skinner» - ei utstilling om ambulerande postekspedisjonar på tog. I hovudbygningen på Maihaugen finst utstillinga «Norske frimerker», der alle norske frimerke er stilt ut.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Marine- og Post-Departement, sirkulær nr.11, 6.5.1885