Poul Heegaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Poul Heegaard
44154 Poul Heegaard.jpg
Fødd 2. november 1871
København
Død

7. februar 1948
Oslo

Yrke matematikar, topolog, astronom
Poul Heegaard på Commons

Poul Heegaard (fødd 2. november 1871 i København, død 7. februar 1948 i Oslo) var ein dansk-norsk matematikar.

Han tok doktorgraden i 1898 ved Københavns universitet og var same stad professor i geometri og mekanikk frå 1910 til 1917. Han var professor i geometri ved Universitetet i Oslo frå 1918 til 1941. Doktoravhandlinga hans Topologiske forstudier til en teori for de algebraiske fladers sammenhæng var eit viktig arbeid i topologien. Han var ein av stiftarane av Norsk matematisk forening, redaktør for Norsk matematisk tidsskrift, og han gav ut frå 1922 til 1937 dei samla skriftene til Sophus Lie i lag med F. Engel) Sophus Lies samlede skrifter.

Han hadde ei allsidig kulturell interesse som fann mange virkefelt utanfor matematikken. Han var ein godt likt forelesar i Folkeakademiet, og dei astronomiske foredraga hans ligg til grunn for bøkene Populær astronomi (1902) og Stjerneverdenen: verdensbilledet gjennem tidene (1921). Han engasjerte seg i studentvelferd, i kristelege studentaktivitetar, i personalhistorie og i psykisk forsking. Han var frimurar, var ei tid sterkt opptatt av Oxford-rørsla og vart til slutt katolikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]