Sophus Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sophus Lie

FøddMarius Sophus Lie
17. desember 1842
Nordfjordeid
Død18. februar 1899
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdegruppeteori, geometri, differensiallikningsteori, symmetri
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Leipzig
Universitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
DoktorgradsrettleiarCarl Anton Bjerknes
Cato Guldberg
EktefelleAnna Lie
BarnMarie Leskien
MedlemRoyal Society
Det saksiske vitenskapsakademiet
National Academy of Sciences
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det franske vitskapsakademiet
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det russiske vitskapsakademiet
Det saksiske vitenskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
London Mathematical Society
Det bayerske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Marius Sophus Lie (17. desember 184218. februar 1899) var ein norsk matematikar fødd på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane fylke. Lie og Niels Henrik Abel vert rekna som dei to fremste norske matematikarane på 1800-talet.

Lie grunnla på eiga hand ei ny matematisk disiplin, transformasjonsgruppeteorien. Denne disiplinen går i dag under namnet «teorien for Lie-grupper», og er i dag eit viktig reiskap for moderne fysikk. Lies algebra vert brukt til å klassifisere elementærpartiklar, og i tillegg utgjer den ei viktig rolle innanfor kvantemekanikken.

Lie naut stor respekt ute i Europa. I 1886 vart han utnemnd til professor ved matematisk institutt i Leipzig, og han arbeidde også i Berlin, Paris og i Göttingen. I sitt siste leveår vart han professor ved Universitetet i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]