Prakash John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Prakash John (fødd 1. august 1947) er ein kanadisk bassist, fødd i Bombay i India. Han emigrerte til Toronto i 1960.

Det første bandet hans var The Questions, då han var 17 år. Sidan spelte han i The Press Gang i 1965 og året etter i The Trikq. Den første innspelinga si gjorde han med The Majestics, eit lokalt band. I 1969 vart John med i Bush i lag med trommeslagaren Pentti Glan og gitarist Domenic Troiano.

Sidan spelte han med Edgar Winter og Rick Derringer, samt Bobby Whitlock. I 1971 vart John rekruttert av George Clinton til å arbeide med Parliament/Funkadelic på to album, Chocolate City og America Eats Its Young, medan han delte på å spele bass i lag med Bootsy Collins på turne. Han spelte sidan på fleire rockealbum og turnear i 1970-åra, som Lou Reed sine Rock n Roll Animal, Lou Reed Live og Sally Can't Dance, samt Alice Cooper sine Welcome to My Nightmare, The Alice Cooper Show, Lace and Whiskey og Dada.

John forlet den populære rocken i 1979 og danna eit R&B-band i 1979, The Lincolns. Mellom anna spelte dei i bryllaupet til Wayne Gretzky.

Som soloartist arbeidde John med James Brown, Paul Shaffer, The Blues Brothers, Pinetop Perkins, Jr. Wells og Mike Bloomfield i tillegg til Rory Block og den kanadiske låtskrivaren Murray McLauchlan. John var med i filmen Blues Brothers 2000.

John vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1997 som medlem av Parliament/Funkadelic.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]