Bobby Whitlock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bobby Whitlock
Bobby Whitlock, 19Sep2015.jpg
Whitlock på B.B. King Blues Club & Grill i New York City i september 2015
Fødd18. mars 1948 (71 år)
FødestadMemphis i Tennessee i USA
FødenamnRobert Stanley Whitlock
OpphavUSA
AktivSidan 1965
SjangerRock, soul, gospel, blues
InstrumentVokal, klaverinstrument, gitar
Tilknytte artistarDelaney & Bonnie and Friends, Derek and the Dominos, Eric Clapton
PlateselskapStax, Elektra, Atco, ABC-Dunhill, Capricorn, Swan Song, Grapevine, Domino
Verka somMusikar, songar-låtskrivar

Robert Stanley Whitlock (fødd 18. mars 1948) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og musikar. Han er mest kjend som medlem av bluesrockbandet Derek and the Dominos med Eric Clapton i 1970 og 1971. Karrieren til Whitlock byrja med Memphis soul-artistar som Sam & Dave og Booker T. & the M.G.'s før han vart med i Delaney & Bonnie and Friends i 1968. Dette førte til at Whitlock deltok på innspelinga av George Harrison-albumet All Things Must Pass i London i 1970 og at Clapton tok han med i Derek and the Dominos. På det einaste albumet til bandet, det kritikarroste Layla and Other Assorted Love Songs, skreiv Whitlock eller var medlåtskrivar på, sju av fjorten songar på albumet, inkludert «Tell the Truth», «Anyday» og «Why Does Love Got to Be So Sad?»

Whitlock spelte inn fire soloalbum i 1970-åra, mellom andre Bobby Whitlock og Raw Velvet, og spelte på album av Clapton, John Lennon, Dr. John og The Rolling Stones. Han trekte seg så tilbake frå musikken før han gav ut It's About Time i 1999. Etter ette har Whitlock spelt i lag med kona si, CoCo Carmel, og sidan 2006 med andre musikarar basert i Austin i Texas.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum

  • Bobby Whitlock (1972)
  • Raw Velvet (1972)
  • One of a Kind (1975)
  • Rock Your Sox Off (1976)
  • It's About Time (1999)
  • Other Assorted Love Songs, Live from Whitney Chapel (2003) – konsertalbum, med CoCo Carmel
  • Lovers (2008) – med Carmel
  • Lovers: The Master Demos (2009) – med Carmel
  • Vintage (2009)
  • My Time (2009)
  • Metamorphosis (2010) – konsertalbum, med Carmel
  • Esoteric (2012) – med Carmel
  • Carnival: Live in Austin (2013) – konsertalbum, med Carmel
  • Where There's a Will, There's a Way: The ABC-Dunhill Recordings (2013)

Andre kjende innspelingar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Bobby Whitlock» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2019.
  • John Blaney, John Lennon: Listen to This Book, Paper Jukebox (London, 2005; ISBN 978-0-9544528-1-0).
  • Eric Clapton, Eric Clapton: The Autobiography, Random House (New York, NY, 2008; ISBN 978-0-09-950549-5).
  • Gary Graff & Daniel Durchholz (eds), MusicHound Rock: The Essential Album Guide, Visible Ink Press (Farmington Hills, MI, 1999; ISBN 1-57859-061-2).
  • John Harris, «A Quiet Storm», Mojo, July 2001.
  • Simon Leng, While My Guitar Gently Weeps: The Music of George Harrison, Hal Leonard (Milwaukee, WI, 2006; ISBN 1-4234-0609-5).
  • The New Rolling Stone Encyclopedia of Rock & Roll, Fireside/Rolling Stone Press (New York, NY, 1995; ISBN 0-684-81044-1).
  • Chris O'Dell with Katherine Ketcham, Miss O'Dell: My Hard Days and Long Nights with The Beatles, The Stones, Bob Dylan, Eric Clapton, and the Women They Loved, Touchstone (New York, NY, 2009; ISBN 978-1-4165-9093-4).
  • Jan Reid, Layla and Other Assorted Love Songs by Derek and the Dominos, Rodale (New York, NY, 2006; ISBN 978-1-59486-369-1).
  • Michael Schumacher, Crossroads: The Life and Music of Eric Clapton, Hyperion (New York, NY, 1995; ISBN 0-7868-6074-X).
  • Bobby Whitlock with Marc Roberty, Bobby Whitlock: A Rock 'n' Roll Autobiography, McFarland (Jefferson, NC, 2010; ISBN 978-0-7864-6190-5).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Derek and the Dominos