Fiskane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fiskane
Fiskane
Latinsk namn Pisces
Forkorting Psc
Genitivsform Piscium
Symbologi Eldgammalt, bl.a. frå Babylon
Rektasensjon 1 h
Deklinasjon 15°
Areal 889 kvadratgrader
nr. 14 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
0
Sterkaste stjerne η Psc (3,6. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +90° og −65°

Fiskane (frå latin Pisces) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Det ligg mellom Vassmannen i vest og Vêren i aust. Ekliptikken og himmelekvator kryssar dette stjernebiletet og Jomfrua.

Kjende Objekt[endre | endre wikiteksten]

Fiskane slik ein ser det med det nakne auga.

Vårjamdøgn ligg fortida i Fiskane, like sør for ω Psc, og på grunn av presesjon, driv det under dei vestlege Fiskane mot Vassmannen.

Stjerner[endre | endre wikiteksten]

  • Van Maanen-stjerna, har storleiksklasse 12.36.
  • Al Rischa, eller Alfa Piscium (α Psc), ligg 139 lysår unna og har klasse A2 med tilsynelatande storleiksklasse 3.62
  • Fum al Samakah, eller Beta Piscium (β Psc), ligg 492 lysår unna og har klasse B6Ve med tilsynelatande storleiksklasse 4.48
  • Linteum, eller Delta Piscium (δ Psc), ligg 305 lysår unna og har klasse K5III med tilsynelatande storleiksklasse 4.44
  • Kaht, eller Epsilon Piscium (ε Psc), ligg 190 lysår unna og har klasse K0III med tilsynelatande storleiksklasse 4.27
  • Revati, eller Zeta Piscium (ζ Psc), ligg 148 lysår unna og har klasse A7IV med tilsynelatande storleiksklasse 5.21
  • Kullat Nunu eller Al Pherg, eller Eta Piscium (η Psc), ligg 294 lysår unna og har klasse G8III med tilsynelatande storleiksklasse 3.62
  • Torcular, eller Omicron Piscium (ο Psc), ligg 258 lysår unna og har klasse K0III med tilsynelatande storleiksklasse 4.2
  • Vernalis (referer til vårjamndøgn), eller Omega Piscium (ω Psc), ligg 106 lysår unna og har klasse F4IV, med tilsynelatande storleiksklasse 4.03

Djupromsobjekt[endre | endre wikiteksten]

M74 er ein spiralgalakse i Fiskane, kring 30 millionar lysår unne. Ho har mange grupper unge stjerner og tilknytte stjernetåker, som syner omfattande område av stjernedanning. Ho vart oppdaga av Pierre Méchain, ein fransk astronom, i 1780. Ein type II-P supernova vart oppdaga i dei ytre områda av M74 av Robert Evans i juni 2003. Stjerna som vart ein supernova vart seinare identifisert som ei raud superkjempe med ein masse på 8 solmassar.[1]

CL 0024+1654 er ein massiv galaksehop som fungerer som ei linse for galaksane bak han, og skapar bogeforma bileta av bakgrunnsgalaksen. Gruppa består hovudsakleg av gule elliptiske og spiralgalaksar, i ein avstand på 3,6 milliardar lysår frå jorda (raudforskyving 0,4), halvparten så langt borte som bakgrunnsgalaksen, som ligg 5,7 mrd. lysår unna (raudforskyving 1,67).[1]

3C 31 er ein aktiv galakse og radiokjelde i Perseus som ligg 2,7 millionar lysår frå jorda. Jettane, som vert skapt av eit supermassivt svart hòl i sentrum, strekkjer seg fleire millionar lysår i begge retningar, og gjer dei til eit av dei største objekta i universet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 
  • Ridpath, Ian; Tirion, Wil (2007). Stars and Planets Guide (4th utg.). Princeton University Press. ISBN 978-0-691-13556-4. 
  • Richard Hinckley Allen, Star Names, Their Lore and Legenc, New York, Dover: various dates.
  • Staal, Julius D. W. (1988). The New Patterns in the Sky: Myths and Legends of the Stars. The McDonald and Woodward Publishing Company. ISBN 978-0-939923-04-5. 
  • Thomas Wm. Hamilton, Useful Star Names, Strategic Books, 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fiskane

Koordinatar: Sky map 01h 00m 00s, +15° 00′ 00″