Hopp til innhald

President Harbitz' gate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
President Harbitz' gate
veg
Land  Noreg
Fylke Oslo
Distrikt Bydel Frogner
Kart
President Harbitz' gate
59°55′13″N 10°42′57″E / 59.920355°N 10.71589694°E / 59.920355; 10.71589694
Wikimedia Commons: President Harbitz' gate
Sett frå Eilert Sundts gate

President Harbitz' gate er ei gate på UranienborgFrogner[1] og Briskeby i Oslo. Ho byrjar i Skovveien og går i nordvestleg retning før ho endar i Eilert Sundts gate. Delar av gata er einvegsskøyrd i motsett retning.

Gata har namn etter stortingspresident Georg Prahl Harbitz. Ho fekk namnet «Harbitz' gate» i 1891, før dette blei endra til den noverande namneforma i 1952.[2] Opparbeidinga skjedde stykkevis og delt. Vestre del av gateløpet går gjennom sørlege del av Briskeby, der det tidlegare var trehusbusetnad.[3] Noko av denne blei riven i 1930-åra for å gje plass til den store blokka på oversida av vegen.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Nr Bilete Skildring
1 President Harbitz ' gate 1 Bygard (ark. Carl Konopka) byggemeld i 1894 for J. Hansen. Fire etasjar med pussa fasade.[4]
2 President Harbitz ' gate 2 Bygard (ark. Carl Konopka) byggemeld i 1894 for Carl og Søren Pedersen. Fire etasjar med pussa fasade.
3 President Harbitz' gate 3 Vinkelforma bygning i tre etasjar og taketasje. Oppført 1908 ved arkitekt Henrik Nissen, fasade med rappa tegl. Bygningen tilhøyrde tidlegare Frogner vidaregåande skule, og er sidan 1991 ein del av Hartvig Nissens skule.[5]
4 President Harbitz' gate 4 Villa Klevstuen. Murvilla i nyrenessanse oppført 1904 ved arkitekt Peter Lauritz Lowzow. Under andre verdskrig var bygningen brukt av okkupasjonsmakta som innkvartering og kasino for tyske marineoffiserar. Restauranten Le Canard heldt til her frå 1991. Etter omfattande oppussing opna restaurant Sawan her i 2012.
5 President Harbitz ' gate 5 På den tidlegare tomta for Briskebyveien 34 blei det i 1931 oppført to blokker, der den eine har adresse President Harbitz' gate 5. Arkitektar: Torp & Torp.[6]
16 President Harbitz ' gate 16 Tomannsbustad (ark. Carl Konopka) oppført 1889 for E. Olsen. Enkel sveitsarstil med tverrgavl i den eine enden av bygningen. Omregulert frå Eilert Sundts gate 9f.
18 President Harbitz' gate 18 Bygning oppført som villa for direktør Fredrik Stand Heffermehl i 1914 ved arkitekt Arnstein Arneberg. Seinare pensjonat og restaurant, frå 2007 på- og ombygga til leilegheiter.
19 President Harbitz ' gate 19 Denne tomta blei omregulert frå Briskebyveien 36 ca. 1900.[7] Noverande leigegard (på hjørnet mot Holtegata) blei teikna av Ferdinand Linthoe og oppført for han sjølv og Johannes Larsen Narvestad i 1899–1900. Tre etasjar blei auka til fire i 1980-årane og loftsetasjen utbygga 1991. Den antroposofiske Vidarlosjen heldt til her frå 1911.
20 President Harbitz ' gate 20 Stor, frittliggende leigegard (ark. Carl Aaman) oppført 1890 for Edwin Pedersen.
21 President Harbitz' gate 21 Bustadsblokk oppført i 1967 ved arkitektane Georg Greve og Geir Grung. Armert betong med open underetasje.
22 President Harbitz ' gate 22 Villa (ark. Kristen Rivertz) oppført 1892 for kaptein Severin Andreas Heyerdahl Paus.[8] Ombygga 1922 og med garasje frå 1927.
23 President Harbitz ' gate 23 Leigegard (ark. Oscar Dehkes) oppført 1898 for Johannes Narvestad. Fire etasjar med pussa fasade.
23c President Harbitz' gate 23c Panelt tømmerhus på to etasjar oppført ca. 1870. Bygningen er no disponert av Oslo Malarklubb/Galleri OMK.
24 President Harbitz ' gate 24 Horisontaldelt tomannsbustad (ark. Carl Konopka) oppført 1888 for E. Olsen. 2 1/2 etasjar med asymmetrisk plassert tverrgavl. Omregulert frå EIlert Sundts gate 9b.
25 og 27 President Harbitz ' gate 25 Utgjer saman med Løvenskiolds gate 25–27 ei samanhengande husrekke teikna av Ragnar Dahl og oppført 1935–36. Fem til sju etasjar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Oslo kommune – Bydelsoversikt (P)». Oslo kommune. Arkivert frå originalen 29. juli 2014. Henta 22. august 2015. 
  2. Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5. utg.). Kunnskapsforlaget. s. 453. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  3. Kart fra 1900 hos Oslo byarkiv.
  4. Arkitektur og historie i Oslo
  5. Bruun, Ole Daniel (1999). Arkitektur i Oslo. Kunnskapsforlaget. s. 94. ISBN 82-573-0948-6. 
  6. Oslo gårdkalender, s. 137.
  7. Ho er rekna til Harbitz' gate i folketeljinga i 1900, men garden er markert som Briskebyveien 36 på eit kart frå 1900 hjå Byantikvaren i Oslo.
  8. Jf. folketelling 1885

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Joar Nyquist og P.D. Hofflund, red. (1955). Oslo gårdkalender: Nybygg 1925–1955. Oslo: Fredhøi.