Byantikvaren i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Maridalsveien 3, fasaden mot Maridalsveien. I dette kvartalet har både Byantikvaren i Oslo og Oslo kommune, Byarkivet lokala sine.

Byantikvaren i Oslo er Oslo kommunes faginstans i alle spørsmål som gjeld å take vare på faste kulturminne i Oslo kommune, mellom anna antikvarisk verdfulle bygningar, anlegg, kulturlandskap og miljø, og det som har med arkeologi å gjere. Byantikvaren er delegert styremakt etter Lov om kulturminner. Kontorlokala ligg i Maridalsveien 3 i Oslo.

Hjå Byantikvaren er tilsett arkitektar, kunsthistorikarar, arkeologar og etnologar i til saman 25 faste stillingar. I tillegg kjem fleire feltarkeologar som gjer arkeologiske granskingar i terrenget i feltsesongen.

Byantikvarens oppgåver[endre | endre wikiteksten]

Byantikvaren har som oppgåve å arbeide for at verneverdige kulturminne i Oslo vert teke vare på under all arealplanlegging, byggjeverksemd og anna bruk og forvaltning av det fysiske miljøet. I samband med utarbeiding av reguleringsplanar, og i samband med byggjetiltak som ikkje er avklara ved ein gjeldande reguleringsplan, skal Byantikvaren undersøke om planane kan kome i konflikt med kulturminne som er automatisk freda etter Kulturminnelova, som til dømes arkeologisk funnmateriale som ligg under jordoverflata. For å finne ut av dette, kan det verte sett i gang arkeologiske registreringar (granskingar) av staden ved at det til dømes gravast sjakter eller liknande inngrep i terrenget. Vert det gjort funn av spor og leivningar som er freda i samsvar med kulturminnelova, må det eventuelt gjevast dispensasjon for å kunne øydeleggje slike kulturminne ved bygging eller andre tiltak. Byantikvaren vil i slike høve sende saka til Riksantikvaren, som er den styresmakta som skal avgjere dispensasjonsspørsmålet.

Byantikvaren kan gjere framlegg om freding av nyare tiders kulturminne i Oslo, men det er Riksantikvaren som gjer vedtak i slike saker. Byantikvaren har rett til å gjere vedtak om mellombels freding, og er dessutan rette instans for søknader om å få endra bygg og anlegg som er verna etter vedtak om freding.

Byantikvarens Gule liste[endre | endre wikiteksten]

Byantikvaren har laga ei såkalla Gul liste, som er eit oversyn over registrerte verneverdige kulturminne og kulturmiljø i Oslo. Registeret gjev opplysningar om kvar det ligg føre erkjente og prioriterte verneinteresser. Det er registrert flest bygningar og bygningsmiljø i Gul liste, men lista inneheld òg ein særs mangfaldig samling andre kulturminne.

Gul liste vert oppdatert fortløpande, både med tilføyingar og strykingar, men gjev aldri det fulle og heile oversynet over kulturarven i Oslo. Lista må i alle høve ikkje nyttast som om det berre er dei registrerte kulturminna og kulturmiljøa på lista som er antikvarisk verneverdige.

Det er tre hovudkategoriar av vernetypar på dei kulturminna som er oppført på lista: 1) kulturminna er formelt freda etter Kulturminnelova, 2) dei er formelt verna ved regulering etter Plan- og bygningslova, eller 3) dei er berre kommunalt listeført som verneverdige, utan å vere formelt verna. Dersom ein eigedom er registrert i Gul liste, vil Plan- og bygningsetaten i Oslo oversende Byantikvaren alle byggjesaker som vedkjem eigedomen, slik at Byantikvaren skal kunne gje ei rådgjevande fråsegn. Saka vert deretter sendt attende til Plan- og bygningsetaten for endeleg førehaving og avgjerd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]