Prikkandemat
Utsjånad
Prikkandemat | |
Prikkandemat | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vassgroordenen Alismatales |
Familie: | Myrkonglefamilien Araceae |
Slekt: | Storandematslekta Spirodela |
Art: | Prikkandemat S. punctata |
Vitskapleg namn | |
Spirodela punctata |
Prikkandemat (Spirodela punctata) er ei plante i storandematslekta i myrkonglefamilien.[1] Arten kjem frå Sør-Asia og Australia, men er no òg vanleg i USA.[2]
I Noreg er arten ein framandart som truleg er innført som akvarieplante. Arten er førebels berre funnen i Østensjøvannet i Oslo.[2] Arten er ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018.
Morfologisk står arten mellom andematslekta Lemna og storandematslekta Spirodela, og han blir somme tider rekna til ei eiga slekt Landoltia som L. punctata.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsdatabanken: Prikkandemat». Artsdatabanken. Henta 4. april 2023.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 164.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) prikkandemat i Encyclopedia of Life
- (en) prikkandemat i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) prikkandemat hos Dyntaxa
- (en) prikkandemat hos ITIS
- (en) prikkandemat hos The International Plant Names Index
- (en) prikkandemat hos Tropicos
- Spirodela punctata – detaljert informasjon på Wikispecies