Algeciras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Algeciras
Algeciras, plaza Alta.
Algeciras, plaza Alta.
Algeciras, plaza Alta.
Flagget til Algeciras Byvåpenet til Algeciras
Flagget til Algeciras Byvåpenet til Algeciras


Plassering
Algeciras is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Andalucía
Provins Cádiz
Grunnlagd
Borgarmeister José Ignacio Landaluce Calleja
Geografi
Flatevidd
 - By

85,8 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

115 333
  1 344,2 /km²
Koordinatar 36°7′″N 5°27′″WKoordinatar: 36°7′″N 5°27′″W
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.ayto-algeciras.es

Algeciras er ein hamneby heilt sør i Spania og den største byen ved Gibraltarbukta. Hamna er den travlaste i heile landet.[1] Han ligg ved Río de la Miel 20 km nord for Tarifa, som er den sørlegaste byen på Den iberiske halvøya og på det europeiske fastlandet. Byen har kring 115 000 innbyggjarar og har det 28. største storbyområdet i Spania med litt over 200 000 innbyggjarar.[2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt byen har vore busett sidan førhistorisk tid og dei tidlegaste funna er spor etter neandertalarar frå yngre steinalder. Med den strategiske plasseringa var han ein viktig hamneby under fønikarane. Under romarane heitte byen Portus Albus ('Den kvite hamna'), og låg nær dei to byane Caetaria (truleg iberarar) og Iulia Transducta (Tarifa), grunnlagd av romarane sjølve. Etter at han vart øydelagd av germanske barbarar og vandalar, vart byen grunnlagd på ny i 711 av maurarar som invaderte Den iberiske halvøya. Det var den første byen arabarane grunnla på spansk jord. Han var ei kort stund ein sjølvstendig taifa frå 1035 til 1058. Han vart kalla al-Jazirah al-Khadra' («Den grøne øya») etter øya Isla Verde som ligg like utanfor. Det moderne namnet på byen kjem frå dette. I 1344 vart byen erobra av Alfonso XI av Castilla, men gjenerobra av maurarane i 1368 og øydelagd etter ordre frå Muhammed V av Granada. Staden vart då forlaten.

Algeciras vart grunnlagd på ny i 1704 av flyktningar frå Gibraltar etter at denne staden vart erobra av engelskmenn og nederlendarar under den spanske arvefølgjekrigen. Han vart bygd opp opp med den noverande rektangulære forma av Karl III av Spania i 1760. I juli 1801 kjempa franske og spanske skip mot den britiske Royal Navy utanfor byen i slaget ved Algeciras, som enda med britisk siger.

Byen var åstad for Algeciras-konferansen i 1906, eit internasjonalt forum for å diskutere framtida til Marokko. Under Franco-perioden gjennomgjekk Algeciras ein omfattande industriell utvikling og det vart skapt mange nye arbeidsplassar for lokale arbeidarar som vart arbeidsløyse då grensa mellom Gibraltar og Spania var stengd mellom 1969 og 1982.

I 1982 var Algeciras åstad for Operasjon Algeciras, ein mislukka plan av det argentinske forsvaret om å sabotere britiske militæranlegg i Gibraltar under falklandskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Algeciras» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Algeciras. Encyclopædia Britannica Online, 2006.
    • Algeciras. The Columbia Encyclopedia, 2004
    • Lonely Planet Andalucia, Lonely Planet, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Algeciras