Puritanisme
Puritanisme (av latin puritas, 'rein') er ein retning innan protestantismen som oppstod i England på 1500-talet. Omgrepet «puritanar» var opphavleg eit skjellsord for personar som gjerne kalla seg sjølv «dei gudelege». Det å vera «puritansk» kan lausare tyda å vera streng eller nøysom, og kan samanliknast med pietisme.
Tilhengjarar av retningen ønskte å reinska den engelske anglikanske statskyrkja for alle katolske restar, men møtte kraftig motstand. Mange puritanarar drog ut av landet, anten til Europa eller Amerika, der dei grunnla koloniar i New England. Utlegd og misjon førte også til at retningen spreidde seg til Nederland, Irland og Wales. I 1640-åra fekk puritanarane leia av Oliver Cromwell politisk makt i Det lange parlamentet og vann seinare Den engelske borgarkrigen, som enda med avsetjinga og avrettinga av den engelske kongen. Puritanarane mista makta att då kongedømet blei gjeninnført i 1660, og blei igjen forfølgde fram til toleranseloven av 1689.
Puritanarane la vekt på ei streng tolking av Bibelen, både det gamle og det nye testamentet. Dei la vekt på å følgja Guds lov, og såg mellom anna på søndagen som ein sabbat der både arbeid og moro skulle opphøyra.
Nokre kjende puritanarar var Henry Barrowe, William Bradshaw, Anne Bradstreet, Robert Browne, Thomas Cartwright, John Eliot, Thomas Hooker, Cotton Mather, Increase Mather, Thomas Shepard og John Winthrop.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«puritanere» i Store norske leksikon, snl.no.