Pietisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Pietisme kjem av det latinske ordet pietas som tyder fromheit. Det er ei viss usemje om kva omgrepet ’pietisme’ rommar. Dels refererer pietisme til ein spirituell og antiklerikal tendens i religiøse miljø (såkalla radikalpietisme) og dels til ei teologisk og religiøs retning. Pietismen kom til uttrykk omtrent samtidig i fleire land, og er ikkje knytt til nokon bestemt konfesjon. Han representerer heller ikkje noko abstrakt og overgripande læresystem, men vert best forstått best gjennom sine konkrete ytringar.

Den lutherske pietismen[endre | endre wikiteksten]

Den pietistiske læra vart første gong formulert av Philipp Jacob Spener (1635-1705), kalla lutherdommens andre reformator, i boka Pia Desideria (Fromme ønske, 1675). Kongstanken hans var at kristne ikkje berre skulle møtast i kyrkjene, men òg ved møte i heimane (konventiklar). Der skulle dei lese saman og studere i Bibelen. Kristendommen skulle ikkje vere eit prestevelde, men gje folk ei levande tru og eit liv prega av kjærleik til Gud og menneske.

Forskjellige pietistiske retningar[endre | endre wikiteksten]

Etter at Spener døydde i 1705, vart pietismen som ideologi kløyvd i fleire retningar som sette preg på forskjellige kristne rørsler. Fellestrekket deira er eit krav til kvart einskild menneske om å leve i pakt med den kristne læra. Nokre grupper braut med dei store kyrkjesamfunna, men dei fleste valde å arbeide innanfor kyrkja. Ecclesiola in ecclesia er ein tanke om at det i kyrkja er ei gruppe menneske som er sanne kristne, medan kristentrua søv hos det store fleirtalet.

Hallenser-pietismen[endre | endre wikiteksten]

Presten August Herman Francke (1666-1722) i Halle i Tyskland grunnla ei pietistisk retning som la vekt på eit fromt liv, praktisk handling, karakterstyrke, arbeidsiver, misjon og undervisning. Retninga vart prega av adiafora – at nokre verdslege handlingar vart definerte som syndige, så som kortspel og dans, og sedd utanfrå vart ho oppfatta som asketisk og fjern frå verda.

Francke la vekt på den personlege omvendinga, dei kristne skulle kunne peike på eit syndig «før», ein klar omvendingsaugneblink og eit vekt «etter». Halle vart eit kraftsenter for denne forma for pietisme, og dei oppretta skolar, fattighus og boktrykkeri. Dei var dei første i den lutherske kyrkja som sende misjonærar til utlandet. Rørsla var statskyrkjeleg orientert, og fekk økonomisk støtte frå staten til dei nye tiltaka.

Radikalpietismen[endre | endre wikiteksten]

Det fanst òg meir radikale retningar som var sterkt kritiske til kyrkjemakta, og praktiserte ein meir mystisk eller spiritualistisk religiøsitet. Tanken var at inderleg gudstru ikkje trong ytre ordningar og autoritetar. Dei første kvekarane kan seiast å vere orientert mot desse retningane.

Herrnhuttarane[endre | endre wikiteksten]

Ei anna pietistisk rørsle var herrnhutismen, grunlagt av grev Nikolaus Ludwig von Zinzendorf på Berthelsdorf i Sachsen . Med den første kristne kyrkjelyden som forbilde, hadde den Herrnhutiske Brødremenigheden eldsteråd, aktive lekfolk, loddtrekning ved viktige tvilsspørsmål, gjensidig sjelesorg i smågrupper og kyrkjelyden var felles om alt. Zinzendorf forkynte at ein måtte ha ein streng botskamp for å vere ein kristen. Alt kom an på om ein stod i det rette tilhøvet til Kristus.

Pietismen i Danmark-Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kontrollen med kyrkja var ein viktig del av kongens maktbasis. I den grad pietismen tok avstand frå kyrkja, var han òg ein potensiell trussel mot kongemakta. Men Kristian den 6., til dels òg forgjengaren Frederik 4., var personleg gripne av pietismen.

Kristian den 6. tildelte Dannebrogordenen til herrnhutaren grev Zinzendorf, men framferda til greven skremde kongen, og han valde halle-pietismen som den greina som skulle dominere i Danmark-Noreg. Denne retninga var meir kongetru enn den herrnhutiske pietismen.

I 1721 starta Hans Egede misjon blant inuitaneGrønland. I 1736 vart konfirmasjonen innført som ein obligatorisk ordning, og med den vart grunnlaget lagt for den obligatoriske almogeskulen (innført 1739). Styresmaktene forsøkte også å skipa istand eit ordna fattigstell. Det vi i dag oppfattar som skyggesidene, var sabbatsforordninga som sette strenge reglar for kva som var lov å gjera på heilagdagane og eit mylder av påbod som skulle hindre unødvendig luksus i klesdrakt eller selskapsformer. Konventikkelplakaten frå 1741, som la ned forbod mot forkynning i heimane utan godkjenning frå soknepresten på staden, stengde for dei radikale pietistane.

Statspietismen døydde langsamt ut etter at Kristian 6. døydde; då vart rasjonalismen eller opplysingstida den viktigaste kulturstraumen. Tankegodset vart likevel formidla gjennom litteraturen, blant anna Pontoppidans katekismeforklaring Sandhed til Gudfrygtighed og salmane til Brorson og andre pietistiske salmediktarar.

Lågkyrkjeleg vekkingskristendom[endre | endre wikiteksten]

Pietismen fekk ei ny oppbløming nedanfrå i lekmannsforkynninga og den lågkyrkjelege vekkingskristendommen på 1800-talet. Desse sette sitt preg både på norsk og dansk kristenliv.

I Noreg var Haugianarane med å leggje grunnlaget for nasjonsbygginga som førebudde brotet med Danmark i 1814, og tankegodset deira sette eit sterkt preg på mange av representantane til bøndene då dei etter kvart fekk plass i det norske Stortinget. Endå viktigare kan det ha vore at dei antiautoritære straumdraga i den lågkyrkjelege pietismen mobilisere folk utanom borgarskapet til å etablere sjølvstendig økonomisk verksemd. Kampen mot alkoholmisbruket fekk òg viktig stød i dei pietistiske rørslene. Frå midten av 1800-talet fekk pietistane på nytt auka tilslutning blant prestane i Den norske kyrkja, blant anna gjennom vekkingsforkynninga til Gisle Johnson.

Noko av den same verknaden som forkynninga til Hans Nielsen Hauge, hadde forkynninga til Læstadius i Nord-Skandinavia, spesielt blant det samiske folket.

Dei pietistiske straumane har enno kraft til å påverke europeisk tankesett, og dei kan enno ha tildels stor innverknad på somme kristelege organisasjonar. Men i kyrkja og dei landsomfattande organisasjonane er det i vår tid andre kulturstraumar som dominerer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Delar av denne artikkelen byggjer på artikkelen i dansk Wikipedia.

Annan litteratur: