Pylseteigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pylseteigen
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Høyanger
Postnummer 6995 KYRKJEBØ[1]
Gardnummer 58[2]

Pylseteigen er ein matrikkelgard i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden ligg på vestsida av Høyangsfjorden og har matrikkelnummer 58.[2]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pylseteigen ligg i ei bratt fjordside, ca. 2,5 kilometer frå Høyanger sentrum. Fylkesveg 55 går i Hovdetunnelen (1283 m.) forbi garden, og på utsida ligg den gamle og stenge vegstrekka som Hovdetunnelen avløyste. Det er ikkje noko gardstun eller andre bygningar på Pylseteigen, og garden er nedlagt.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Oluf Rygh skriv i Norske Gaardnavne at han ikkje har nokon opplysningar å gje om namnet. Han nemner berre at han i postadresseboka har funne namnet Pølsevik oppført under Nes i Luster.[3]

Statens Kartverk godkjende skrivemåten «Pylseteigen» i 1987.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]