Qianjiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plasseringa av Qianjiang (gul) i Hubei.

Qianjiang er ein kinesisk subprefektur-by midt i provinsen Hubei i det sentrale Kina. Han er direkte understilt provinsregjeringa. Qianjiang har eit areal på 2 004 km² og hadde ein million ibuarar i 1999.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jarnvegen HankouYichang, ei snøggbane opna i 2012, stoppar i Qianjiang.

Kinas riksveg 318, ein av Folkerepublikken Kinas lengste hovudvegar, går gjennom området. Vegen tek til i Shanghai og er mellom anna innom Wuhan og Chengdu før han går inn i Tibet og Lhasa, og deretter heilt fram til ein kinesisk grenseovergang mot Nepal i Zhangmu.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Qianjiang var eit tidleg senter for den kinesiske oldtidsstaten Chu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]