Qt Software

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Qt Software (tidlegare Trolltech ASA og Quasar Technologies) er eit programvareselskap ått av Nokia med sete i Oslo. Hovudproduktet til Qt Software er klassebiblioteket/rammeverket Qt, som er eit multiplattform C++-bibliotek for brukargrensesnitt, men det har òg omfattande støtte for datastrukturar, nettverk, etc. Eit liknande produkt, Qtopia, er retta mot Linux-baserte innbaka system.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trolltech vart grunnlagt av Eirik Chambe-Eng og Haavard Nord i 1994. Dei vart kjent med kvarandre under studietida på NTNU, der dei studerte datafag. Haavard byrja å interresera seg for å utvikla brukargrensesnitt i C++ i 1988, i samband med at han utvikla eit C++ brukargrensenitt for eit svensk firma. Sumaren 1991 samarbeidde Haavard og Erik om å utvikla ein database-applikasjon for ultralydbilete. Eit av krava til dette systemet var at det skulle kunne køyrast på Unix, Macintosh og Windows. Under dette arbeidet kom dei fram til at arkitekturen burde vera objektorientert, noko som dei bygde vidare på seinare då dei starta utviklinga av Qt.

I 1991 starta dei utviklinga av klassebiblioteket som seinare vart til Qt. Året etter utvikla dei konseptet med «signals» og «slots» for interobjekt kommunikasjon. I 1993 var den grafiske kjernen i Qt på plass, slik at dei kunne starta på utviklinga av dei grafiske elementa (widgets). Mot slutten av 1993 bestemte dei seg for å starta eit firma saman, så i byrjinga av 1994 sat dei to unge programmerarane med eit halvferdig produkt, som dei vona å selja i ein konkurranseutsett marknad. Dei hadde korkje kundar og pengar, men konene deira var viljuge til å syta for dei i dei neste to åra, som dei meinte det ville ta å gjera ferdig produktet.

Klassane i biblioteket har prefikset 'Q' og 'Q' vart vald av di det tok seg godt i Emacs. For å generera eit produktnamn la dei til ein 't', som står for 'toolkit', etter same mønster som i Xt. Slik fekk produktet namnet Qt. Då selskapet vart skipa, den 4/3 1994, heite det opphavleg “Quasar Technologies”, men dette vart seinare endra til “Troll Tech” og deretter til “Trolltech”. I april 1995, fekk dei, via ein professor ved NTNU ein kontrakt for det norske firmaet Metis, som gjekk ut på å utvikla mjukvare tufta på Qt. Om lag på same tid tilsette dei Arnt Gulbrandsen, som, i tillegg til å skriva kode for Qt, utvikla eit avansert dukumentasjonssystem.

Den 20/5 1995 vart Qt 0.90 lasta opp til sunsite.unc.edu. Seks dagar seinare vart det lagt att ei melding på comp.os.linux som kunngjorde at den fyrste offisielle versjonen av Qt var klar. Qt kunne nyttast å utvikla kode både for Unix og Windows, med same API for begge operativsystema. Qt har open kjeldekode og er tilgjengeleg med to lisenstypar, ein kommersiell og ein gratis (gratisversjonen kan berre nyttast for å utvikla open kjeldekode). Det gjekk 10 månader før den fyrste kommersielle lisensen vart seld, så det var Metis-prosjektet som sytte for at Trolltech klarte seg økonomisk den fyrste tida.

I mars 1996 kjøpte The European Space Agency 10 kommersielle lisensar og vart dermed Trolltech sin 2. kunde. Eirik og Haavard var optimistiske nok til å tilsette enda ein utviklar. Qt 0.97 var ferdig i slutten av mai og den 24/9 1996 var versjon 1.0 klar. Ved utgangen av året var verson 1.1 ferdig og Trolltech hadde seld 18 lisensar til 8 forskjellige kundar i 8 forskjellige land. KDE-prosjektet, leia av Matthias Ettrich, vart òg starta i 1996.

I april var 1997 Qt 1.2 klar og i september same året var Qt 1.3 ferdig. På grunn av at Matthias Ettrich hadde tufta KDE på Qt vart Qt ein de-facto standard for Linux brukargrensesnitt skriven i C++.

I 1998 vart Matthias tilsett i Trolltech. I september dette året var Qt 1.40 klar og i juni 1998 var Qt 2.0 var ferdig. Qt 2 hadde mange arkitektoriske endringar og var eit mykje meir mogna produkt enn tidlegare versjonar. Det var til dømes 40 nye klassar med støtte for Unicode. Qt 2.0 hadde ein ny open kjeldekode-lisens, kalla 'Q Public License' (QPL), som samsvara med definisjonen for open kjeldekode. I August 1999 vann Qt LinuxWorld sin pris for beste bibliotek/verktøy. Om lag samstundes vart Trolltech Pty Ltd (Australia) skipa.

I 2000 kom Trolltech med Qt/Embedded, som var laga for innbaka system, som nytta Linux som operativsystem. Qt/Embedded hadde sitt eige vindussystem, som i røynda var ei lettvektserstattning for X11. Både Qt/Embedded og Qt/X11 var tilgjengelege både under den populære GPL-lisensen og under ein kommersiell lisens. Ved utgången av 2000 hadde Trolltech skipa Trolltech Inc. (USA) og marknadsført den fyrste versjonen av Qtopia, som var eit rammeverk for handhelte maskiner. Qt/Embedded vann LinuxWorld sin «Best Embedded Linux Solution» pris både i 2001 og i 2002. Siste versjonen av Qt (v. 4.0) var ferdig

Då Qt 3.0 var klar, i 2001, var Qt tilgjengeleg for Unix, Linux, Embedded Linux, Mac OS X og Windows. Qt 3.0 hadde 42 nye klassar og koden var på over 500,000 linjer. Qt 3.0 vann Software Development Times sin «Jolt Productivity Award» i 2002.

Omsetninga til Trolltech har fordobla seg om lag kvart år sidan selskapet vart stifta. Denne suksessen har kome både på grunn av kvaliten på Qt og på grunn av at det er så hugkveikjande å nytta Qt. Sjølv om Trolltech berre har hatt nokre få personar til å ta seg av salet har Qt på under 10 år gått frå å vera eit produkt som berre ei eksklusiv gruppe av profesjonelle programmarar kjente til, til å verta nytta av fleire tusen kundar og fleire titusen open kjeldekode utviklarar, rundt heile kloden. Siste versjonen av Qt (september 2006) er v. 4.1.4.

Sitat frå boka «C++ GUI Programming with Qt». Copyright (c) 2004 av Trolltech AS: Dette materialet kan berre distribuerast om det vert teke omsyn til føresetnadane og krava fastsette i «Open Publication License», vX.Y eller seinar (den siste versjonen er for tida tilgjengeleg på http://www.opencontent.org/openpub/).

Eigarar[endre | endre wikiteksten]

Dei tilsette i Trolltech eig 50.9 % av aksjeane i selskapet og Trolltech Foundation eig 4.48%. Andtre investorar er Index Ventures (22.3%), Teknoinvest (11.1%), Northzone Ventures (4.8%) og Orkla ASA (3.78%).

Den 23/5 2006 søkte Trolltech om å verta omsett på Oslo Børs, under synonymet TROLL.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Blanchette, J. og Summerfield, M., C++ GUI Programming with Qt 4, Prentice Hall PTR, 2006.
  • Ezust, A., Ezust, P., An Introduction to Design Patterns in C++ with Qt 4, Prentice Hall PTR, 2006.
  • Heni, M., Open Source Game Programming: Qt Games for KDE, PDA's, and Windows, Charles River Media, 2005.
  • Summerfield , M., Rapid GUI Programming with Python and QT: The Definitive Guide to PyQt Programming, Prentice Hall, 2007.
  • Thelin , J., Foundations of Qt Development , Apress, 2007.