Periferieininga Réthymno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Réthymno periferieining)
Periferieininga Réthymno
Περιφερειακή ενότητα Ρεθύμνου
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Kreta
Hovudstad Réthymno
Folketal 84 866 (2021[1])
Areal 1 496 km² Rangering 44.
Folketettleik 57/km²
Kommunar 5
Postnummer 74x xx
Retningsnummer 283x0
Bilnummer PE
Heimeside www.rethymnon.gr

Periferieininga Réthymno (gresk Περιφερειακή ενότητα Ρεθύμνου, Periferiakí enótita Rethýmnou) er ei periferieining på øya Kreta i Hellas. Réthymno er ei av fire periferieiningar i periferien Kreta og ligg mellom Khaniá og Iráklio.[2] Hovudstaden i periferieininga er Réthymno.

I innlandet ligg fjellmassivet Ida, med Psilorítis, det høgaste fjellet på Kreta.

I dag er hovudnæringa turisme. På landsbygda er økonomien derimot basert på jordbruk og sau. Den største av landsbyane er Anója.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Réthymno eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer Retningsnr
Réthymno Réthymno Réthymno 741 00 28310-2 til 9
Arkádi 741 00 28310-8
Láppa 740 55 28310-6
Nikifóros Fokás 741 00 28310-3
Mylopótamos Jeropótamos 740 52 28340-2
Kouloúkonas 740 54 28320-4
Zonianá 28340
Anója Anója 740 51 28340
Amári Kourítes 740 62 28330-4
Sývritos 740 61 28330-2
Ájos Vasílios Lámbi 740 66 28320-2
Fínikas 740 60 28320-3

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i periferieininga er:

Tettstad Kommune Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Réthymno Réthymno 32 468 34 085
Violí Kharáki Réthymno 2 785 3 185
Anója Anója 2 319 2 201
Pérama Mylopótamos 1 545 1 937
Atsipópoulo Réthymno 1 392 1 612
Livádia Mylopótamos 1 481 1 272
Zonianá Mylopótamos 1 117 1 206

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]