Röyksopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For soppen, sjå røyksopp.
Röyksopp
Royksopp 2014-09-29 001 (cropped).jpg
OpphavNoreg
Aktiv1998-
SjangerElektronika
Downtempo
Trip hop
PlateselskapAstralwerks
MedlemmerTorbjørn Brundtland
Svein Berge
PrisarTromsø kommunes kulturpris, Årets spellemann, Spellemannprisen i elektronisk musikk, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Spellemannprisen for årets gruppe, Spellemannprisen i elektronisk musikk, Alarmprisen i pop, Alarmprisen i elektronika, Alarmprisen for beste låt

Röyksopp er ei norsk musikkgruppe som spelar elektronisk musikk. Röyksopp består av duoen Torbjørn Brundtland og Svein Berge som begge kjem frå Tromsø. Gruppa vart offisielt danna i 1998. Året etter debuterte dei med singelen So Easy.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Brundtland og Berge var kameratar i heimbyen Tromsø og eksperimenterte med elektroniske instrumenter tidleg på 1990-talet, oppstod ikkje Röyksopp før dei fleire år seinare møttest i Bergen. Gruppa vart offisielt danna i 1998, og debuterte med singelen So EasyMikal Telle sitt selskap Telle Records i 1999. Röyksopp fekk snart internasjonal merksemd og fekk kontrakt med selskapet Wall of sound recordings, som har gjeve ut resten av musikken deira.

Röyksopp fekk stor merksemd og kommersiell suksess med sitt første album Melody A.M. i 2001. Mykje av æra til suksessen tek bandet sine grafiske musikkvideoar, som gjennomgåande var eksperimentelle og nyskapande for si tid. Videoen til «Remind Me», laga av det franske selskapet H5, vann MTV-prisen for beste musikkvideo under utdelinga i Barcelona i 2002. Her opptrådde dei òg live på scena framfor millionar av europeiske TV-sjåarar.

Oppfølgjaralbumet The Understanding vart lansert i juli 2005, med Only This Moment som første singel.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Röyksopp har vunne Spellemannprisen fem gonger. Under Spellemannprisen 2001 vann dei i klassen Elektronika for albumet Melody A.M. og vart også tildelte prisen Årets musikkvideo for videoen til låten Eple. Under Spellemannprisen 2002 vart dei kåra til Årets spellemann og vart dessuten tildelte prisen Årets musikkvideo for Remind Me. I 2005 vann dei i klassen Popgruppe for albumet The Understanding. Röyksopp har dessutan vunne Alarmprisen heile fire gonger, fleire enn nokon andre artistar. Under Alarmprisen 2002 fekk dei pris i både klassen Pop og klassen House/techno for Melody A.M. og i vart i tillegg tildelte prisen Årets låt for Eple. I 2006 vann dei i den nyetablerte klassen Klubb for albumet The Understanding.

Plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Utgitt Tittel Listeplassering i Noreg (VG-lista)
2001 Melody A.M. 61 veker på albumlista i 2001, 2002 og 2003 med 1. plass som beste plassering[1]
12. juli 2005 The Understanding 35 veker på albumlista i 2005 og 2006 med 1. plass som beste plassering[2]

Livealbum[endre | endre wikiteksten]

Utgjeve Tittel Listeplassering i Noreg
2006 Röyksopp's Night Out

Andre album[endre | endre wikiteksten]

Utgjeve Tittel Listeplassering i Noreg
2. april 2007 Back To Mine 2 veker på albumlista i 2007 med 24. plass som beste plassering[3]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Frå Melodi A.M.:

  • So Easy
  • Poor Leno
  • Remind Me/So Easy
  • Eple
  • Sparks

Frå The Understanding:

  • Only This Moment
  • 49 Percent
  • What Else Is There?
  • Beautiful Day Without You

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Albuminfo "Melody A.M."». VG-listen. Henta 30.05.2007. 
  2. «Albuminfo "The Understanding"». VG-listen. Henta 30.05.2007. 
  3. «Albuminfo "Back To Mine"». VG-listen. Henta 30.05.2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]