Hopp til innhald

Alarmprisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Alarmprisen 2006)

Alarmprisen er ein norsk musikkpris som blir delt ut ein gong i året til norske artistar innan eit utvida pop/rock-omgrep. Prisen blei etablert som eit alternativ til Spellemannprisen og Hit Awards og blei delt ut fyrste gong 3. februar 2001. Prisen blir delt ut av stiftelsen Alarm. I oktober 2008 bestemte styret å ikkje gjennomføra utdelinga for 2008 på grunn av pengemangel, og prisen har ikkje vorte delt ut sidan.

Ved foreløpig siste prisutdeling, prisutdelinga i 2007, blei det delt ut prisar i seks sjangerbestemte klassar og seks tilleggsklassar. Klassane pop, rock, hip-hop/rap, metal, låt og live har blitt delt under alle utdelingane, mens dei øvrige klassane har kome til i løpet av åra. Blant dei er årets Alarmpris, som også har gått under namnet Alarmjuryens spesialpris.

Vinnarar av Alarmprisen

[endre | endre wikiteksten]
År Kategori
Rock Pop Hip hop/rap Elektronika[1] Metall Jazz Beste låt[2] Beste liveband Beste video Årets nykommer[3][4] Alarmprisen[5] Andre[6]
2001MotorpsychoSister SonnyTungtvannIllumination[1]ImmortalTungtvannSatyriconMusikkgruppa Briskeby[3]AmuletÅrets plateselskap:
DBut
Årets nettside:
Moonfog.com
2002Kaizers OrchestraRöyksoppWarlocksRöyksopp[1]Dimmu BorgirJaga JazzistRöyksoppKaizers OrchestraAmulet
2003JR EwingThomas DybdahlGatas ParlamentJaga JazzistSatyriconDadafonSatyriconTurbonegerKaadaEphemera
2004TurbonegerMagnetEquicezRalph Myerz and the Jack Herren BandDimmu BorgirSupersilentEphemeraTurbonegerPaperboysKarin ParkSilver
2005WEAnnieJaa9 & OnklPRalph Myerz and the Jack Herren BandEnslavedLars HorntvethEuroboysWEKings of ConvenienceAnnieJim Stärk
2006MadrugadaAne BrunPaperboysCloroformEl CacoShiningMadrugadaPurified in BloodCastMira CraigSofianKlubb:
Röyksopp
«Blodfan»:
Henning Klokkeråsen
Turnéprisen:
Serena Maneesh
2007My Midnight CreepsMarit LarsenKarpe DiemKim HiorthøyDimmu BorgirShiningSuperfamilySuperfamilyTungtvannMoving OosIda MariaRiksAlarm:
Ungdomskulen

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • Lista over vinnarar er henta frå «Liste over vinnere av Alarmprisen» frå Bokmålswikipedia, 9. februar 2011.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 3 Elektronika-kategorien vart utdelt ut frå 2003 til 2007, men heitte «House/Techno» dei to fyrste åra. Dermed er prisen til Illumination og Röyksopp i denne kategorien dei to fyrste åra eigentleg prisen for beste House/Techno.
  2. I 2004 og 2005 vart «Beste låt» utdelt som ein del av Petreprisen.
  3. 1 2 Årets nykommer-kategorien vart utdelt for fyrste gong i 2005, men i 2001 fanst det ein liknande kategori som heitte «Årets overraskelse». Denne vart utdelt til musikkgruppa Briskeby.
  4. I 2004 og 2005 var «Årets nykommer» ein del av Lydverketprisen.
  5. Alarmprisen vart utdelt frå 2004 til 2007, men hadde fyrst namnet «Alarm-juryens spesialpris» i 2002 og 2003.
  6. Andre-kategorien inneheld prisar som berre vart delt ut éin gong.